annonse

Fronta Maskin kjøpt opp av bømlingar

Ny eigar
Ny eigar: Kurt Arne Tyse (t.v.) og Trygve Landmark har signert avtalen vedrørande Fronta Maskin. (Foto: Fronta)
Bømlo
Bømlo: I Øyjordsvika på Moster har Fronta kjøpt tomt til sitt første bustadprosjekt på Bømlo. (Foto: Landmark Maskin)

No blir Landmark Maskin det største entreprenørselskap i Sunnhordland.

Vidar Hope

– Gjennom nye, store utbyggingsprosjekt skal me saman byggja vidare på eit allereie godt samarbeid – til beste for begge selskapa og utviklinga i sunnhordlandsregionen, skriv Kurt Arne Tyse i Frontagruppen og Trygve Landmark i Landmark Maskin i ei pressemelding.

Frontagruppen skal fokusera sterkare på kjerneverksemda som Sunnhordlands leiande bygg- og bustadentreprenør. Som eit ledd i denne spissinga, sel konsernet anleggsentreprenøren Fronta Maskin AS til Landmark Maskin AS på Moster. Fronta Maskin har ein årleg omsetnad på 35-40 millionar kroner.

– Med dei store utbyggingsplanane me jobbar med, er det avgjerande for oss å ha tilgang til ein stor og kompetent anleggsentreprenør som både kan gi oss viktige faglege innspel i prosjekteringsfasen og har kapasitet til å utføra store anleggsarbeid. Me har dei siste åra samarbeidd godt med Landmark Maskin i fleire prosjekt, og vel no selja vår eiga anleggsverksemd til dei for å styrkja dette samarbeidet meir. Alternativet ville vera ein kraftig vekst i Fronta Maskin, noko me ikkje ser som føremålstenleg i forhold til kjernefokuset vårt, skriv Tyse.

Bømlo
Bømlo: I Øyjordsvika på Moster har Fronta kjøpt tomt til sitt første bustadprosjekt på Bømlo. Foto: Landmark Maskin

Gjennom oppkjøpet får Landmark Maskin åtte nye tilsette, i tillegg til maskinparken og prosjektporteføljen til Fronta Maskin. Det gjer bømla-firmaet til Sunnhordlands desidert største anleggsentreprenør, med totalt 53 medarbeidarar og ei forventa årleg omsetjing på rundt 110 millionar kroner.

Eitt av prosjekta Fronta og Landmark Maskin skal samarbeida om er utbygging i bustadfeltet Øyjordsvika på Moster. Her vert det i første omgang planlagt 20 leilegheiter. Fronta Bolig har allereie kjøpt tomt, og leilegheitene vil bli lansert i marknaden i neste månad.

Dette blir Fronta sitt aller første bustadprosjekt på Bømlo.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut