annonse

Frp får stor framgang på Stord – Ap-ras på Bømlo

Sterk start
Sterk start: Sigbjørn Framnes kan notera seg ein fin start på valkvelden. Frp går mest fram når førehandsstemmene er talte. (Foto: -)

Partiet ligg svært godt an etter at dei første røystene er talt opp.

Vidar Hope

Klokka 21.00 kom den første prognosen, då førehandsrøystene blei gjort kjend. Der går Framstegspartiet fram heile 6,3 prosentpoeng samanlikna med valresultatet for fire år sidan.

Stord SV har største nedgang i denne prognosen, på heile 5,3 prosentpoeng.

Ap (-0,6), Frp (+6,3), Høgre (-0,4), Sp (+3,5), KrF (-0,8), SV (-5,3), Raudt (+3,6), Venstre (-0,3), MDG (+0,2).

I Bømlo er det Høgre som går mest fram. Ragnfrid Sønstabø kan notera ein framgang på 8,5 prosentpoeng. Arbeidarpartiet mistar heile 12,3 prosentpoeng på øya i vest.

Les også: Over 3.000 har røysta på Stord før valdagen

Sjå reaksjonar frå ordførar Gaute Epland (Ap) her:

Sjå reaksjonar frå Sigbjørn Framnes (Frp) her:

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut