annonse

Galleri vann bygdeutviklingspris

: Slik ser Guddalstunet ved Rosendal ut.
: Gørill Guddal (t.v.) fekk prisen av direktør i Innovasjon Norge i Hordaland, Nina Broch Mathiesen, og går no vidare til landsfinalen i Bygdeutviklingsprisen 2015, der vinnaren får 250.000 kroner. (Foto: Ingvild Kjørrefjord)

Galleri G Guddal i Rosendal har vunne årets bygdeutviklingspris i Hordaland.

Magne Kydland

Tunet i Guddal har ein spanande og lang historie og er første gong nemnt i Snorre. Denne veka skreiv plassen seg igjen inn i historia, med at Galleri G Guddal AS vann Bygdeutviklingsprisen 2015.
 
I 1983 starta foreldra til prisvinnar Gøril Guddal med utleige til turistar, ein innsats som tidlegare har gjeve garden Olavsrosa frå Norsk Kulturarv.
 
Bygdeutviklingsprisen er på 50.000 kroner, og Guddal går automatisk vidare til finalen i den nasjonale prisen på 250.000 kroner i regi av Innovasjon Norge.

Vellukka reiselivssatsing

Gøril Guddal starta først opp med kunstgalleri i Rosendal sentrum. Galleriet har vore i god drift med overskot i fleire år. Då Guddal overtok garden i 2009 starta planen med å flytte galleriet fem kilometer opp til tunet på garden. Løa på garden på 350 m² vart i 2014 restaurert til eit moderne kunstgalleri, og det vart også planlagt eit gjesteatelier for kunstnarar som kan bu i eit av gjesteromma og nytta atelieret som arbeidsstad. På den måten vart det vart ei tettare kopling mellom galleri og reiselivsverksemd og matservering.
 
– Det vart dermed grunnlag for nye produkt og at tunet kunne bli eit senter og besøksmål for oppleving av lokalmat, musikk, kunst og andre kulturopplevingar. Galleriet har dei seinare åra vist 6–7 utstillingar årleg, med noko av det beste innan norsk (og etter kvart også internasjonal) samtidskunst. Etter vel 20 år blir lista over kunstnarar svært lang, men me kan som døme nemna: Kjell Nupen, Franz Wiederberg, Per Kleiva, Ørnulf Opdahl. Ingri Egeberg osv. Til og med Dronning Sonja var imponert då ho besøkte galleriet sommaren 2015, heiter det i ei pressemelding frå Innovasjon Norge.
 
Galleri G Guddal AS sysselsett i dag to personar på heiltid og tre deltidsstillingar.

– Ligg i forkant

Her er juryen si grunngjeving:
 
«Vi gratulerer Gøril Guddal og Guddalstunet med Bygdeutviklingsprisen 2015. Gøril får prisen for si uredde satsing på galleridrift. Galleri G Guddal ligg i eit flott tun i kulturlandskapet ca. 5 km frå Rosendal. Her er kunstbutikk og kunstgalleri med nokre av Norges mest kjente kunstnarar.
 
Gøril er energisk, tenkjer berekraftig forvalting av gamle bygningar, men har samstundes evne til å utvikle garden inn i vår tid. Risikoen med å investere i den nye galleriet på 350 kvm har vore stor, men ho har komme greitt ut av byggjeprosessen og klart å halde utstillingar innimellom alt arbeidet.
 
Prisvinnaren har også gründeren sine gode eigenskapar. Ho er fagleg dyktig, ligg i forkant av konkurrentane og har fokus på den fornøgde kunden».

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut