annonse

Går for midtre kryssing av Langenuen

Flytebru
Flytebru: Vegvesenet tar ikkje stilling til om det skal vera sideforankra eller endeforankra flytebru. Dette vert vurdert i ein eigen reguleringsplan. Slik ser ei endeforankra flytebru over Langenuen ut. (Foto: Statens vegvesen)
Høg samfunnsnytte
Høg samfunnsnytte: – Når prosjekt vert realisert vil det endra samferdsle i denne delen av landet for alltid, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. (Foto: Statens vegvesen)

Statens vegvesen sende måndag over eit forslag til statleg kommunedelplan for E39 Stord–Os (Hordfast) til Samferdselsdepartementet.

Magne Kydland

Prosjektet skal gje ein landfast vegforbindelse for E39 mellom Stord og Bergen, med ei 5,5 kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden.

– Når prosjekt vert realisert vil det endra samferdsle i denne delen av landet for alltid, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.

Gustavsen legg til at dette er eit prosjekt med uvanleg høg samfunnsnytte.

Les også: – Hordfast-vedtak viktigast no

Anbefaler midtre alternativ

Kryssinga av Langenuen mellom Stord og Tysnes har vore mykje diskutert. Både det midtre og det sørlege alternativet har sine støttespelarar. Vegvesenet sender over begge alternativ, B og F, til Samferdsledepartementet.

Statens vegvesen anbefaler det midtre alternativet (B) fordi brua då vert knytt til den delen av vegnettet på Stord som har den høgste standarden, og som vil tole trafikken i nokre år før det vert nødvendig med utvidingar.

– Vegvesenet tar ikkje stilling til om det skal vera sideforankra eller endeforankra flytebru. Dette vert vurdert i ein eigen reguleringsplan, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Mobiliserer for sørleg kryssing

Høg samfunnsnytte
Høg samfunnsnytte: – Når prosjekt vert realisert vil det endra samferdsle i denne delen av landet for alltid, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Foto: Statens vegvesen

Redusert kostnad

E39 Stord–Os har eit kostnadsanslag på 35 milliardar 2016-kroner. Flytebru over Bjørnafjorden utgjer 16,5 milliardar kroner av dette.

I Nasjonal transportplan ligg prosjektet inne med ein kostnadsramme på 40 milliardar kroner.

– Det har vore arbeidd med å redusera kostnadane. Desse er no redusert med 5 milliardar kroner. Ein stor del av kostnadsreduksjonen skuldast at ein har komme lengre i utviklinga av flytebrua og dermed er sikrare på kostnadene for denne, melder Statens vegvesen.

Kortare reisetid

Statens vegvesen peikar på at prosjektet er komplekst med lange fjordkryssingar. Det er difor framleis større usikkerheit knytt til kostnadar enn det som er normalt for vegprosjekt i denne fasen.

Netto nytte for prosjektet er rekna til 17 milliardar kroner. Ein stor del av nytta ligg i at reisetida frå Stord til Os vert redusert frå halvannan time til ein halv time. Prosjektet vil avløysa tre ferjesamband; Sandvikvåg–Halhjem, Halhjem–Våg og Jektevik–Hodnaneset.

Lesarinnlegg: «La oss stansa Hordfast – det er ikkje for seint!»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut