annonse

Går inn med full politisk kraft

Får støtte
Får støtte: Onsdag kveld la Kurt Arne Tyse og Magne Jostein Mikkelson fram Biltema-saka for sentrale fylkespolitikarar. Anne-Beth Njærheim (V, frå høgre), Dan Femoen (H), Mona Røsvik Strømme (H), Roald Stenseide (Frp) og Sigbjørn Framnes (Frp). (Foto: Magne Kydland)
Forstår frustrasjonen
Forstår frustrasjonen: Både Dan Femoen (H) og Anne-Beth Njærheim (V) meiner ein må finna ei løysing på Biltema-saka på Stord. (Foto: Magne Kydland)

Fylkespolitikarane i Hordaland er ikkje imponert over Fylkesmannen si behandling av Biltema, og ber næringsminister Monica Mæland ta affære.

Magne Kydland

– Denne saka har komme skeivt ut frå starten, og så har det berre balla på seg. Saksbehandlinga er under einkvar kritikk, og Fylkesmannen i Rogaland baserer si avgjerd på feila frå Fylkesmannen i Hordaland. Det er tverrpolitisk semje om at dette er riv ruskande gale, og dette må me berre få ordna opp i, seier Dan Femoen (H), som i tillegg til å vera fylkespolitikar også er jurist.

– Må bruka hovudet

Denne veka har fylkestinget hatt møte på Stord, og onsdag kveld møtte Kurt Arne Tyse og Magne Jostein Mikkelson i Fronta sentrale politikarar frå Frp, Høgre og Venstre.

– Her nyttar det ikkje berre med eit brev til departementet. Monica Mæland må personleg få denne saka på bordet, og me skal gjera det me kan for å få fram vårt syn, supplerer Mona Røsvik Strømme (H).

Roald Stenseide (Frp) har inga forståing for kvifor fylkesmennene konkluderer som dei gjer.

– Her har dei misforstått det meste, og legg opp til auka bilkøyring. Det ser ut som fylkesmannen rett og slett ikkje har skjønt det, og driv politikk i staden for skikkeleg saksbehandling. For det er ikkje ulovleg å bruka hovudet, seier Stenseide.

Ingen retrett

Kurt Arne Tyse fortalde at det vil vera katastrofe for Fronta om Biltema ikkje får lov til å flytta inn i bygget til 53 millionar kroner.

– Det er ikkje berre for oss å knipsa og få ei anna stor kjede hit. Me bestilte utstyr og starta bygginga då fylkespolitikarane gav grønt lys, og stadfesta kommunen sitt vedtak. Hadde me fått stopp tidlegare, hadde me hatt ein retrettmogelegheit. Men no er det for seint, forklarte Tyse – og møtte full forståing.

– Ingen av oss er usamde, så her må me bruka kreftene på å finna løysingar. Det er departementet som sit med nøkkelen. Høgre har statsråden, men det hjelper jo sjølvsagt på at me er fleire parti som pressar på, seier Anne-Beth Njærheim (V), og får støtte frå Sigbjørn Framnes (Frp).

– Eg forstår frustrasjonen. Vår rolle er å hjelpa våre innbyggjarar til å finna løysingar, når byråkratiet behandlar dei urettvist, seier Framnes.

Forstår frustrasjonen
Forstår frustrasjonen: Både Dan Femoen (H) og Anne-Beth Njærheim (V) meiner ein må finna ei løysing på Biltema-saka på Stord. Foto: Magne Kydland

Mange på saka

Geir Angeltveit (V) har alt drøfta saka med partileiar Trine Skei Grande, og Torbjørn Brosvik har teke saka opp med KrF-leiar Knut Arild Hareide.

– I tillegg har me teke kontakt med Liv Kari Eskeland og Magne Rommetveit. Me forventar at dei også bidreg her, for kva skal me elles med lokale folk på Stortinget? seier Tyse.

Brevet til Næringsdepartementet blir sendt fredag eller måndag.

Magne Jostein Mikkelson har vore i kontakt med ein utbyggjar i Egersund som har møtt på same problemet som på Stord. Medan dei nokre mil over fylkesgrensa sørover, i Lyngdal, ikkje har hatt problem.

– Det bør vera like reglar landet rundt, meiner Mikkelson.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut