annonse

Gav sykkel til krisesenteret

SYKKELGÅVE
SYKKELGÅVE: Nestleiar Mari Dale på krisesenteret og Anne Johannessen frå Bømlo Frivilligsentral. (Foto: Privat)

Bømlo Frivilligsentral blei før jul foreslege til å få pengar på Spleis. Dette er ein aksjon som Sparebanken 1 har der dei vil gje pengar til nokon som hjelper andre.

Hilde Vormedal Nybø

– Dei to siste åra har me hatt julepakkeaksjon der folk har gjeve gåver til dei som trengjer det mest og desse gåvene har me fordelt på Nav, mottak, barnevernet og krisesenteret. Til krisesenteret har me tidlegare gjeve gåver til vaksne og born og fine brukte leiker som dei kan ha på huset. Då det i fjor ikkje var noko julepakkeaksjon, bestemte me oss for å gje pengane me fekk til krisesenteret. Gleda var stor då me ringde og fortalde om pengane og lurte på kva dei ville bruka pengane på. Sykkel! var svaret. Ein sykkel som dei vaksne bebuarane kunne bruka til å ta seg ein tur å få eit lite avbrekk i kvardagen, skriv Bømlo Frivilligsentral i ei pressemelding.

Totalt blei det samla inn 5.550 kroner til sykkelen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut