annonse

Generelt bålforbod på Stord

GENERELT BÅLFORBOD
GENERELT BÅLFORBOD: Jan Tore Brückner i Stord brann og redning opplyser om generelt bålforbod i kommunen. (Foto: OLAV RØLI/ARKIV)

Jan Tore Brückner i brannvesenet fortel at brannfaren er stor ute i skog og mark.

Henrik Mundal Andreassen

Stord brann og redning kom ut med melding på Facebook søndag morgon, om at det no er generelt bålforbod i Stord kommune.

– Det er veldig brannfarleg ute no. Terrenget er veldig tørt etter lite nedbør, og det har heller ikkje blitt grønt. Dette gjer at skogbrannfaren er aukande. Det skal ikkje mykje til no før det tek fyr, seier Jan Tore Brückner som er vakthavande i brannvesenet.

Knusktørt i terrenget

Brückner peikar mellom anna på lyng- og skogbrannen i Sandnes som har halde på i eit par dagar no, og som brannvesenet der nede har fått store utfordringar med.

Likevel, at det er generelt bålforbod betyr ikkje at det er eit totalforbod mot brann. På eigen privat eigedom har ein faktisk lov å bruka open eld. Med atterhald.

– Bruk av grill og bålpanne på eigen privat grunn går fint. Me nektar heller ikkje folk å brenna hageavfall på sin eigen eigedom, så lenge dette vert gjort langt vekke frå skog og lyng. Her må folk bruka sunn fornuft, seier Jan Tore Brückner.

Varme dagar i vente

Brannsjef Tore Nesbø i Fitjar støttar seg til det kollegaen på Stord seier.

– Me opplever dei same temperaturane her på Fitjar, og det er ikkje noko annleis brannfare hos oss. Folk må vera ekstremt forsiktige, og ikkje laga bål ute i skog og mark, seier Nesbø.

Meteorologisk institutt varslar om moderat skogbrannfare over heile Vestlandet, og det ser ikkje ut til at faren kjem til å endra seg med det første. Det er meld sol i ei veke framover og aukande temperaturar opp mot 15 grader i skuggen. Som igjen fort betyr temperaturar mot 20 grader i solveggen. Så her er det berre til å smørja seg med solkrem, finna fram solbrillene, og nyta påskesola. Vel å merka med omhug for brannfaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut