annonse

Georg Eide-selskap sikta av Økokrim for miljøkriminalitet

Sikta
Sikta: Dei to selskapa til Georg Eide er sikta for miljøkriminalitet. Eide er ikkje personleg sikta. Her frå rettssaka om verdiar i buet til konkursråka Eide Marine Services. (Foto: OLAV RØLI)

Økokrim har sikta to av selskapa til reiar og halsnøybu Georg Eide for miljøkriminalitet.

Hilde Vormedal Nybø

Det skriv Dagens Næringsliv. Dei to selskapa er Eide Marine Eiendom og Eide Marine Services. Georg Eide er eineeigar i førstnemnde og tidlegare eineaksjonær og styreleiar i Eide Marine Services som blei slegen konkurs i oktober 2016.

– Ulovleg opphogging

Bakgrunnen for siktinga er at Økokrim meiner at skipet «Harrier», som tidlegare heitte «Tide Carrier», blei sendt til Pakistan for ulovleg opphogging såkalla «beaching».

– Siktinga går ut på at ein har hatt ein tanke om å skrapa skipet, seier advokat Arild Dyngeland, som er Georg Eide sin forsvarar.

Han seier til Dagens Næringsliv at hans klient ikkje erkjenner straffskuld.

Resirkulerast i Tyrkia

Ellen Knutsen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, har tidlegare gått ut og sagt at dei meiner det er overvegande sannsyn for at skipet var på veg til Pakistan for ulovleg opphogging.

«Carrier» har lege i arrest og lagra i Farsund, men er no på veg til Tyrkia for resirkulering på eit godkjent verft.

Sunnhordland har vore i kontakt med Georg Eide, men han ønskjer ikkje å kommentera saka.

Berga på Jæren

I februar 2017 mista det 263 meter lange skipet motorkraft utanfor Feistein på Jæren og heldt på å gå på land på ei strand.

Før det hadde skipet lege ti år i Høylandssundet. Det var Eide Marine Services som kjøpte skipet for å byggja det om til eit tungløftskip. Dei planane blei aldri gjennomført. Skipet blei seinare seld til Eide Marine Eiendom.

Ifølgje Dagens Næringsliv selde sistnemnde selskap i 2015 skipet til det karibiske selskapet Julia Shipping Inc. Ifølgje Dagens Næringsliv meiner Økokrim at Wirana Shipping Corporation, som er eit Singapore-basert selskap og eit av verdas største «cash-buyer»-selskap, var den reelle kjøparen av lasteskipet i 2015.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut