annonse

Gjev full gass for ny biogassfabrikk

Kan gå vidare
Kan gå vidare: Styremedlem Atle Wigum (t.v.) og styreleiar Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass er eit steg nærmare i planane om å byggja biogassfabrikk på Stord, etter at prosjektet no får stønad på Enova. (Foto: ANITA HAUGLAND (arkiv)

Enova vil støtta prosjektet til Sunnhordland Naturgass med 38,9 millionar kroner.

  • Anita Haugland

– Enova har innvilga ein stønad på 38.869.653 kroner for gjennomføring av biogassprosjektet til Sunnhordland Naturgass på Stord. Tildelinga medfører at prosjektet kan setjast i gang umiddelbart, noko som inneber at oppstart av biogassproduksjon vil skje innan 12 månader, skriv Bjarte Salomonsen i ei pressemelding frå Sunnhordland Naturgass.

I dag, 14. februar 2018, fekk Sunnhordland Naturgass beskjeden om tilsegn frå Enova på stønad for utvikling av biogassproduksjon. Sunnhordland Naturgass har sidan august 2017 arbeidd med å leggja til rette for finansiering av prosjektet. Saman med stønaden frå Enova er dei naudsynte 80 millionar kronene på trengst for å realisera planane, på plass.

– Dette er ein lite brukt energikjelde som me har gode føresetnader for å utnytta i Sunnhordlandsregionen, fordi me har ein naturleg tilgang til naudsynt substrat. I tillegg representerer løysinga betydelege miljøvinstar, hevdar Sunnhordland Naturgass.

Vidare står det at biogass og -drivstoff er eit nasjonalt satsingsområde.

– Med dette tiltaket vil Sunnhordlandsregionen vera blant dei første distrikta i landet som kan tilby ein miljøvennleg og lokal energikjelde for oppvarming og kollektivtransport, uttaler Jan Kåre Pedersen.

Han er dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass.

Selskapet har allereie gjort betydelege investeringar i distribusjonsnett, og vil med denne satsinga bli ein totalleverandør av alternativ, miljøvennleg energi i regionen.

– Satsinga vil også komma eksisterande kundar til gode, fordi biogass vil bli brukt i dagens fordelingsnett. Husstandar vil slik ha ei alternativ varmekjelde som oppfyller byggjeteknisk forskrift i bygningslova, heiter det vidare.

– Me vil no kunna tilby ein ny og miljøvennleg energikjelde basert på naturlege kjelder henta frå lokal næringsverksemd og husstandar. Realiseringa inneber slik gode mogelegheiter for innsparingar for lokalt næringsliv, både i form av pengar og miljø, fordi det vil vera billegare å transportera avfall til ein lokal mottakar enn til Sverige. Dette har vore tydeleg kommunisert frå fleire mogelege samarbeidspartnarar i samband med planlegginga av prosjektet. Me har blitt tekne imot med stor entusiasme i forprosjektet, både frå det offentlege og private aktørar, uttaler Pedersen.

Selskapet vil bruka resten av 2018 på å realisera biogassfabrikken, og ser føre seg å tilby biogass frå første kvartal 2019.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut