annonse

- Gode tal for handelen i Sunnhordland

Freske tal
Freske tal: Her presenterar Erik M. Throndsen frå Sparebank 1 tala for nærmare 30 representantar frå lokalt næringsliv. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Positiv
Positiv: Erik M. Throndsen meiner dei som driv med varehandel i Sunnhordland bør vera nøgde med tala. Trass i eit år med permitteringar og høg arbeidsløyse, har handelen vore stabil. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Konkurrentar
Konkurrentar: Senterleiar ved Husnes storsenter, Geir Jakobsen (f.v.), Hans Martin Haavik ved Amfi storsenter og Terje Børtveit ved Heiane storsenter. Medan handelen auka både på Heiane og Vikjo i fjor, opplevde Husnes ein nedgang på 1,4 prosent. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Handelen i Sunnhordland 2016 (i mill. kr)

I dag la Erik M. Throndsen fram tal som viser at handelen i Sunnhordland var stabil i fjor, sjølv om det har vore eit år med høg arbeidsløyse og permitteringar.

Anita Haugland

Nærmare 30 representantar frå lokalt næringsliv møtte fram til frukostmøte, då Erik M. Throndsen presenterte varehandelsrapporten i lokala til Sparebank 1 SR-bank på Heiane fredag morgon. Han kunne fortelja at omsetjinga i varehandelen i Sunnhordland auka med 3,4 prosent i 2016, medan prisveksten auka med 3,6 prosent.

– Det betyr at folk handlar omtrent det same volumet som året før. Eg vil seia at dette er gode tal for handelen i Sunnhordland, med tanke på det vanskelege året som har gått i forhold til høg arbeidsløyse og permitteringar. Samanliknar ein tala med Rogaland, så var det berre 1,2 prosent vekst i 2016, seier Throndsen.

Den totale varehandelen i Hordaland auka med 7,6 prosent i 2016. Tala inneber sal detaljvarer, daglegvarer, klede, sko, leiker, sportsutstyr, møblar, elektro, bygg, jernvarer og liknande, men sal av polvarer frå Vinmonopolet og tenester er ikkje med.

Lokkar til seg kundar

Stord er den einaste kommunen i Sunnhordland som har ei dekningsgrad på over hundre prosent. Dette betyr at det er fleire tilreisande som kjem og handlar på øya, enn det er folk som reiser ut.

– Det skjedde noko når bompengane forsvann, som blei positivt for Stord, seier senterleiar Hans Martin Haavik ved Stord Amfi.

Både han og senterleiar Terje Børtveit ved Heiane storsenter var blant dei frammøtte.

– Ja, det at dekningsgraden på Stord er på over hundre prosent, er ei stadfesting på alle dialektane eg høyrer på senteret. Mange tek turen frå Sveio for eksempel, seier Børtveit, som også er senterleiar for Markedet i Haugesund.

Sentrumshandelen er i vekst

Medan det er Heiane som har det største handelssenteret i regionen, og som har den største marknadsdelen i Sunnhordland, så auka den prosentvise omsetninga i handelen meir på Leirvik i 2016. Heiane opplevde 2,5 prosent vekst i omsetninga i fjor, medan handelen på Leirvik opplevde 3,3 prosent vekst. Terje Børtveit ser likevel lyst på situasjonen.

– Så lenge folk handlar på Stord er eg fornøgd. I dag snakkar med Stord-hatten på meg, seier Børtveit.

Han meiner at så lenge handelen går bra på Vikjo, så vil handelen også gå bra på Heiane.

– Me har vore gjennom eit vanskeleg år på Stord, men no synest eg trenden er i ferd med å snu. Når handelen likevel har vore såpass bra, ser eg lyst på framtida, seier Haavik.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut