annonse

Granskar skulehistoria for å laga jubileumsavis

Oppdagingsferd
Oppdagingsferd: Som ein del av researchen av historia om Leirvik skule, fekk elevane vera med opp på skuleloftet. Dette var eitt av dei mest populære klasseromma tidlegare. Irmelin Pedersen (f.v. med ryggen til), Nikai Mifsud, Leo Riise, Jonathan Olsson og Anna G. Fosse. (Foto: Anita Hugland)
Lang fartstid
Lang fartstid: Claus Jünger var rektor ved Leirvik skule i litt over 23 år. (Foto: Anita Haugland)
På loftet
På loftet: Andrea Teistedal Dyrøy, Anna G. Fosse, Sofie Stenberg, Viktoria Ende, Eline Skorpen og Ingeborg Dale Raunholm synest det er gøy med oppdagingsferd på skuleloftet. (Foto: Anita Haugland)
Variert bruk
Variert bruk: Nokre av desse pokalane blei brukte til å tetta vaskane på 2000-talet, som gjorde at seks klasserom og eitt musikkrom blei sett ut av drift i eitt år. (Foto: Anita Haugaland)
Pensjonist
Pensjonist: Claus Jünger var rektor på Leirvik skule frå 1987 til 2010. Han hadde ei fin tid som rektor, men han opplevde også eit par mysterium som aldri blei løyst. (Foto: Anita Haugland)
Gammal skatt
Gammal skatt: Benjamin Haugland (f.v.) og Abdallah Zidia finn ein skulptur medan dei kikkar seg rundt på det gamle skuleloftet, som blei kalla klasserom 12. I dag fungerer det som lager. (Foto: Anita Haugland)
Leirvik skule

Tette vaskar, oversvømming og tjuveri av ADHD-medisinar. Det finst mange historier i veggene på Leirvik skule.

Anita Haugland

– Dette klasserommet ligg høgast oppe av alle klasseromma me hadde. I dag blir det brukt som lager fordi det blei lagt inn ventilasjonsanlegg her i 1991. Tidlegare blei dette rommet kalla klasserom 12, og var det mest populære klasserommet fordi det hadde så fin utsikt, fortel Claus Jünger.

Han var rektor ved Leirvik skule frå 1988–2010. Denne dagen har han fått i oppdrag å fortelja historier som har skjedd på denne skulen, medan han er på besøk hos elevane i 6. trinn på Leirvik skule. Dei held nemleg på med å gjera research før dei skal gå i gang å laga jubileums- og skuleavis. Den kjem ut i samband med at Leirvik skule er 100 år. 

Tette vaskar

– Eg hadde ei svært fin tid som rektor ved denne skulen, og det var mange kjekke elevar som gjekk her, fortel den tidlegare rektoren. 

Nokre rampestrekar fekk han også oppleva i tida som rektor. Den eine hendinga fekk store konsekvensar for eit heilt skuleår.

– Ein dag då eg kom til skulen på byrjinga på 2000-talet, var det 10–15 cm vatn på golvet i 1917-bygget. Kranar i to forskjellige etasjar stod vid opne, og vaskane var tetta med tørkepapir. Pokalar som eigentleg stod til utstilling på skulen, var plasserte oppå papiret for å halda det på plass, fortel Jünger.   

Dei tette vaskane førte til overfløyming i to etasjar, både i bygget frå 1917 og i tilbygget frå 1932. Både vegger og golv måtte rivast. 

– Til saman seks klasserom, i tillegg til musikkrommet i underetasjen, blei øydelagde. Og det gjekk eitt år før ein kunne ta bygga i bruk igjen, fortel Jünger.

Han blei sjølvsagt forferda då han oppdaga kva som var skjedd.

– Eg informerte leiinga i kommunen med det same. Me prøvde å gjera undersøkingar blant elevane, for å finna ut kven som stod bak, og politiet blei tilkalla for å sjå om etter fingeravtrykk. Men me kom aldri fram til kven det var, fortel Jünger.

Dei to bygningane blei fiksa opp og bygd om i løpet av eitt skuleår. Biblioteket måtte takast i bruk som undervisningsrom. 

– Det var eit ganske tøft skuleår det året, men hadde det ikkje vore for den episoden, så hadde ikkje dei eldste skulebygga vore så moderne som det dei er i dag, held gamlerektoren fram. 

Stal tablettar

Elevane er stille og lyttar godt etter kvar som blir sagt.

– Slo du elevar nokon gong? er ein elev som spør.

– Nei. Eg kunne nok hatt lyst til å rista nokon innimellom, men eg gjorde aldri det, svarer Jünger.

Han er oppteken av å få fram at dei alle fleste var kjekke stort sett heile tida.

– Eg må vel kunne seia at episoden med dei tette vaskane er den største rampestrekken eg opplevde i tida mi som rektor.

Han hugsar også godt eit innbrot som skjedde på 90-talet.

– Nokon hadde brote seg inn i kjellaren, og slått seg gjennom dører innover heile bygget. På rektor-kontoret braut dei opp safen, og stal vetalin-tablettar, som blir brukt som medisin for dei som har ADHD. Me fann aldri ut av kven dette var då heller, seier Jünger.

Jubileumsavis

Elevane i 6. trinn skal prøva seg på ulike tema og sjangrar, når dei skal laga jubileumsavis for skulen. 

– Det å laga skuleavis er ein del av pensum i 6. trinn. Dette kombinerer me i år med å laga jubileumsavis, fortel lærar Anne Sissel Skilbrei, som er kontaktlærar i 6B.

– Eg skal skriva om SFO-tilbodet før og no, seier Anna G. Fosse.

Ho har funne ut at elevane ikkje hadde tilbod om SFO før på 90-talet, og at leksehjelp berre har eksistert i fem år. 

– Eg intervjuar Leirvik skule som om han kan snakka, og eg prøver å få det litt morosamt. Skulen er faktisk sjalu på kulturhuset, sidan 100-årsbursdagen skal feirast der, og ikkje på skulen. Difor er ikkje skulen så god ven med kulturhuset lenger. Men han likar når barna spelar fotball i friminutta, fortel Nikai Mifsud.

Jonathan Olsson ser nærmare på elevane som har gått på Leirvik skule gjennom åra, og prøver å finna kjende fjes som han kan intervjua.
– Eg har planar om å intervjua Christian Brink, fortel Olsson.

100-årsjubileum

Det er det eldste, eksisterande bygget på Leirvik skule som i år er 100 år gammalt. I løpet av åra har det blitt utvida med påbygg fleire gonger. 

– Me hadde Leirvik skule på Stord før 1917 også. Det var fire klasserom og eitt lærarrom, på omtrent det same området som me har Leirvik skule i dag, fortel Jünger.

I 1892 bestemte nemleg heradsstyret (tilsvarande kommunestyret) at det skulle opprettast ein ny skulekrets på Vikjo, fordi det var blitt fleire innbyggjarar i dette området. 
Den nye skulen blei teken i bruk i 1893.

– Dette bygget blei rive, og det blei bygd ny skule i 1917, fortel Jünger.

Noverande rektor, Bjarte Bongom, anslår at det har gått om lag 3.400 elevar på Leirvik skule. 

– Men desse tala er svært usikre. I etterkrigstida og i tida før Hystad og Langeland blei bygd, var det mange fleire elevar enn i dag, medan det var langt færre før krigen. Talet er rekna med eitt snitt på 50 elevar per trinn, seier Bongom.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut