annonse

Grønt lys til fem etasjar nybygg midt i Borggata

Synfaring
Synfaring: Forvaltningsstyret var på luftetur i sentrum i samband med møtet sist torsdag. (Foto: Steinar Hystad)
Skal rivast
Skal rivast: Her kjem det nye bygget. (Foto: Marius Knutsen)

Forvaltningsstyret har endra syn på nybygg i Borggata.

Vidar Hope

Investor Kurt Arne Tyse sa i slutten av april at han vurderte å skrinleggja planane om nybygg på Eikelandstomta i Borggata. Bakgrunnen var at forvaltningsstyret ville utsetja saka til 6. juni, då utbyggjar Fronta hadde opna for å flytta bygget éin meter lengre fram og ut av Borggata.

– Me har no vore i lang dialog med administrasjonen. Det er ikkje aktuelt å byrja å sjå på arkitekturen ein gong til, sa Tyse til Sunnhordland.

Bakgrunn: Fronta vil byggja eit fem etasjes nybygg i Borggata

Men han gjorde det motsette, og det fekk dei folkevalte til å gi klarsignal for bygget. Forvaltningsstyret sitt vedtak var samrøystes.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut