annonse

Gründersøstrer frå Dåfjorden nominert til innovasjonspris

GRÜNDER
GRÜNDER: Ingunn Elise Sørvik og søstera er nominert til innovasjonspris. (Foto: SAGO SOLUTIONS AS)
STOLTE
STOLTE: Linn Solveig Sørvik og søstera kan vinna pris og 100.000 kroner for fangstsystemet dei har utvikla. (Foto: SAGO SOLUTIONS AS)
FANGSTSYSTEM
FANGSSYSTEM: Slik ser det nyutvikla fangstsystemet Sago Extreme ut. (Foto: SAGA SOLUTIONS AS)

Sago Solutions AS frå Stord er nominert til Innovasjonsprisen 2018, som vert delt ut på messa Nor-Fishing.

Ingvild Siglen Berger

Det er søstrene Ingunn Elise og Linn Solveig Sørvik frå Dåfjorden som står bak Sago Solutions, og dei er nominert til prisen for deira nyutvikla fangstsikringssystem for linefisk. Det melder Nor-Fishing i ei pressemelding.

Systemet skal vera spesielt eigna til bruk i samband med fiske etter tannfisk i Sørishavet.

Forsyner seg grovt

At kval forsyner seg av fisken på lina under linehaling, er eit stort problem som ifølgje Nor-Fishing trugar berekrafta i deler av fiskebransjen.

Særleg spermasettkval og spekkhoggarar kan nokre stader forsyna seg grovt av fangsten.

– Me har nær kontakt med både fiskeflåten og forskarmiljø som rapporterer at opptil tre fjerdedelar av fangsten forsvinn i utsette område. Dette er ei omfattande utfordring i seg sjølv, og det fører med seg mange ringverknadar, fortel Ingunn Elise Sørvik.

STOLTE
STOLTE: Linn Solveig Sørvik og søstera kan vinna pris og 100.000 kroner for fangstsystemet dei har utvikla. Foto: SAGO SOLUTIONS AS

Økonomi og miljø

Problemstillinga er kjent i bransjen, med generering av både økonomiske tap og miljømessige utfordringar. Fiskeflåtane kan òg bruka lengre tid på å ta opp kvotane på grunn av kvalen som forsyner seg.

– Når så store deler av fangsten forsvinn, er det ei utfordring å halda fisket berekraftig. Lengre tid på havet resulterer i meir utslepp, og ein må henta ut større mengder fisk for å oppnå den opphavlege kvoten, seier Linn Solveig Sørvik.

Ein bærplukkar

Fangstsikringssystemet heiter Sago Extreme, og er ein større aluminiumskonstruksjon som beskyttar fisken på lina.

– Aluminiumkonstruksjonen er tredd på lina, så når dei startar halinga vert lina løfta opp frå havbotnen, og Sago Extreme vil bevega seg som ein «zipline» der fangsten går gjennom og vert av-angla og samla opp alt langs botnen.

Ifølgje søstrene har fleire beskrive prinsippet som ein bærplukkar. Sago Extreme kan dimensjonerast etter ulike fiskeri, og bifangst slepp unna gjennom tilpassa opningar i konstruksjonen.

– Det har tidlegare vore forsøkt forskjellige tilnærmingar, men kvalen er intelligente dyr og det har ikkje lukkast å finna ei varig løysing. Det er viktig for praktisk anlagte fiskarar at lysinga faktisk fungerer i fiskeriet, og det gjer Sago Extreme, forklarar gründerane.

FANGSTSYSTEM
FANGSTSYSTEM: Slik ser det nyutvikla fangstsystemet Sago Extreme ut. Foto: SAGA SOLUTIONS AS

Utvikla vidare

Det var pappa Omar Sørvik som fyrst såg behovet for ein fysisk barriere for å verna fangsten mot kval, då han jobba som fiskar i Sørishavet. Han designa løysinga i 2008 og tok patent på den året etter. Men fordi han var så travel, vart løysinga liggjande.

– Heilt til me oppdaga at han framleis betalte for patentrettane. Då tenkte me at dette måtte me ta tak i og utvikla vidare. Me hadde høyrt om Sago Extreme i fleire år og visste at pappa ikkje ville tatt patent med mindre det var noko heilt spesielt.

I 2016 vart Sago Solutions starta opp som eit forskingsprosjekt med støtte frå Innovasjon Norge. Heilt sidan starten har dei vore inkubator hjå Atheno, som mellom anna arbeider for entreprenørskap og nyskaping.

Omar Sørvik er òg med i selskapet saman med døtrene.

Stolte søstrer

Det er fiskeriminister fiskeriministeren som deler ut prisen 21. august. Vinnaren får eit diplom og 100.000 kroner.Sago Solutions er eit av tre nominerte selskap, og søstrene er stolt av nominasjonen. 

– Me tek med oss dette som eit kvalitetsstempel på arbeidet som er gjort så langt. Me er i godt selskap med to andre dyktige og innovative bedrifter. Å starta og drifta eit gründerselskap kan vera krevjande, men me har vore heldige og har hatt mange kloke hovud involvert i prosjektet. Me opplever å bli møtt med stor interesse og set veldig pris på den støtta me har fått så langt, seier Ingunn Elise Sørvik. 

Testar i Sørishavet

Ho fortel at dei i utviklinga av Sago Extreme har prøvd, feila, lært og prøvd igjen – mange gonger. 

– Det å utvikla ei løysing som skal fungera godt med systema om bord, i tillegg til på 2000 meter djupne, er ei utfordring. Etter to år med testing og utvikling i Norge er me no klare for ein pilotperiode i Sørishavet. Det er ein viktig milepæl og det vert utruleg spanande, seier Sørvik.  

I år har dei søkt patent på ein ny sette- og halemetode, som tek for seg problemstillingar med fugledød, arbeid i is-farvatn, i tillegg til betring av arbeidsmiljø for mannskapet. 

– Me gler oss til vegen vidare, seier Sørvik.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut