annonse

Gullberg Jensen er ny operasjef i Bergen

OPERASJEF
OPERASJEF: Eivind Gullberg Jensen er klar som ny sjef for den nest største operaen i Norge, utanom Oslo, nemleg Bergen Nasjonale Opera. Han gler seg. Her frå Stordfest i 2013. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Stjernedirigenten frå Stord overtar som operasjef for Bergen Nasjonale Opera.

Olav Røli

Eivind Gullberg Jensen, som er oppvaksen i Kårevik på Stord, har no fått seg ny jobb. Frå 2021 overtar han som ny operasjef for Bergen Nasjonale Opera (BNO) etter Mary Miller.

– Det var eit imponerande utval kandidatar som melde si interesse for operasjef-stillinga. Men etter ein omfattande rekrutteringsprosess var Eivind Gullberg Jensen det opplagde val, seier Harald Victor Hove, styreleiar i Bergen Nasjonale Opera, i ei pressemelding.

Motivert

Gullberg Jensen er internasjonalt anerkjent som dirigent, og har sidan 2002 dirigert på mange store scenar. Mellom anna som sjefdirigent for NDR Radiophilharmonie. Gullberg Jensen har gjestedirigert ved store operahus i Europa og Japan. I Bergen har han dirigert Bergen Filharmoniske Orkester regelmessig sidan 2001 og delteke på Festspillene fleire gonger, sist ved opninga i 2019.

Gullberg Jensen seier til Sunnhordland at å jobba med opera er noko han brenn for, og at han set stor pris på å kunne jobba med det på heimebane. Gullberg Jensen er busett i Bergen saman med stjernesopran Mari Eriksmoen.

– Å kunne jobba med opera i Bergen trigga min motivasjon for å søkja på jobben. Og det er ikkje mange andre tilsvarande jobbar i Bergen, forklarar Jensen.

Reisejobb

Trass i at han skal jobba med BNO, vil han også halda fram med dirigering og opera rundt omkring på store verdsscenar.

– Eg kjem til å ha ein del 8-16-dagar på kontoret, men mykje av jobben er også å reisa rundt og treffa folk, og sjå etter personar som kan vera naturleg å samarbeida med, seier han.

BNO har per dags dato 12 tilsette, som Gullberg Jensen skal ha ansvaret for. Dette er ikkje ei utfordring han ser mørkt på.

– Me vert eit fint team og eg ser fram til å jobba tett saman med dei. Det er solid kompetanse i staben, og ikkje minst eit veldig kompetent styre, seier han.

Operahus

I pressemeldinga seier dirigenten at operahus i Bergen er noko han vil jobba for

– Opera er på mange måtar den ultimate kunstform, der musikk, teater, dans og visuell kunst, kulminerer i noko enno større – eg ser fram til å fortsetja det framifrå arbeidet som er lagt ned av BNO og Mary Miller dei siste åra, for å overtyda publikum på Vestlandet om nettopp dette. I tillegg til å leia BNO kunstnerisk, vert ei av mine viktigaste oppgåver å delta i arbeidet med å overtyda politikarar nasjonalt og regionalt, om at Vestlandet treng eit ordentleg operahus. Dette er ei oppgåva eg med største gleda tar fatt på umiddelbart, seier påtroppande operasjef Gullberg Jensen.

Til Sunnhordland seier han at det absolutt kan verta aktuelt med oppsetjingar på Stord og andre stader på Vestlandet.

– Kanskje ikkje med fullt orkester, men i litt mindre skala. Ein av oppgåvene til BNO er å reisa rundt for å fronta opera på Vestlandet. Dessutan er jo alle frå Stord velkomne til Bergen for å sjå oppsetjingar, seier han.

PS! I neste utgåve av Magasinet Mitt Sunnhordland, 21. juni, kan du lesa eit lengre intervju med stjernedirigenten frå Stord.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut