annonse

Han vil ha Sunnhordland i Rogaland

For folket
For folket: Lars Slettebø meiner innbyggjarane er forbigått i den store regionsreforma. No set han i gang opprop for å folk flest i Sunnhordland skal få sagt kva dei meiner om storfylket. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Lars Slettebø meiner regionsreforma er udemokratisk.

Vidar Hope

I eit informasjonsbrev til Stord kommune skriv Slettebø at han set i gang underskriftskampanje for å lodda stemninga ute blant folk om regionsreforma.

Fylkestinget har vedteke å leggja ned Hordaland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Erstatninga blir ein ny storregion saman med Sogn & Fjordane. Leikanger blir administrasjonssenter i den nye regionen.

«Underskrivarane av dette oppropet meiner det vil vera meir naturleg at dei sørlegaste kommunane av Hordaland heller blir ein del Rogaland enn Sogn og Fjordane. I dag har kommunane Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar eit omfattande samarbeid med Rogaland m.a innan politi, helsevesen og næringsliv. Blant anna er Stord den kommunen i landet med det mest oljeretta næringslivet i landet, og me meiner at det vil vera meir naturleg å tilhøyra oljefylket og ha Stavanger som regionshovudstad enn å tilhøyra Sogn og Fjordane/Hordalandregionen med Leikanger som regionshovudstad», skriv Slettebø.

– Mange meiner søre luten av Hordaland bør høyra til Rogaland. Eg ønskjer at desse folka skal få komma til orde, seier Slettebø til Sunnhordland.

Han meiner prosessen med regionsreforma har vore udemokratisk.

– Dette er tvang. Regionsreforma var ikkje eit tema under valkampen. Me visste ikkje kor dei politiske partia stod, seier han.

Slettebø er i gang med å leggja ut lister klar for signering i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio.

– Viss få personar vil høyra til Rogaland, er det greitt for meg. Men om det skulle komma mange signaturar meiner eg saka bør opp til politisk behandling i dei aktuelle kommunane, seier han til Sunnhordland.

Les også: Ny kommunalminister må løysa namnestriden på Vestlandet

Slettebø er for mange Sunnhordland-lesarar kjend for den lokalsatiriske spalta «Taakeluren», som er på trykk kvar fredag. I brevet til kommunen skriv han at initiativtakar til oppropet er vekeavisa Taakeluren.

– Det kan vera at Sunnhordland har ei anna haldning til regionsreforma, difor vil eg understreka at dette initiativet kjem frå meg, seier han.

På slutten av fjoråret gjekk Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap) ut mot regionsreforma. Han fekk med seg kommunestyret på at kommunar i Sunnhordland bør sjå sørover mot Rogaland. På eit felles formannskapsmøte for kommunane i Sunnhordlands kort tid seinare fekk han støtte for flørten med Rogaland.

– Me ser at det blir endå større avstandar til makta, og at tyngdepunktet går nordover, sa Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H).

Hennar forgjengar Harald Rydland (KrF) har også vore tydeleg på at kommunane i Sunnhordland bør tenkja over om det er rett å vera med i det nye storfylket.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut