annonse

Håpar å sleppa slike scenar

Vått
Vått: Det er ikkje berre no det regnar mykje. Biletet er frå 1980. Det kom veldig mykje regn medan det var tele i jorda, og på Helland i Fitjar fløymde det over. På biletet ser me Axel Korsvik i båt, bli slept langs fv 75 av naboen, Arne Helland. (Foto: Privat)
27 år sidan
27 år sidan: Slik såg det ut ein morgon på Helland i 1980. Pionerjolla vart henta fram. I båten nærast sit Mari-Anne Korsvik og broren Axel Korsvik. (Foto: Privat)

Medan regnet høljar ned på Vestlandet, har me kika på gamle bilete.

Vidar Hope

Vinteren 1980 kom det svært mykje regn medan det var tele i jorda. På Helland i Fitjar fløymde det over, som biletet over syner.

Fram til klokka 12.00 i dag hadde det komme mellom 40-50 mm nedbør i Hordaland, ifølgje Yr.no.

Som Sunnhordland skreiv måndag er det venta store mengder med nedbør heile veka, særleg i dei indre stroka.

– Det er meldt mykje regn i tre dagar på rad, då blir det alvorleg, seier vakthavande hydrolog i flaumvarslinga, Elin Langsholt, til NRK.

Meteorologisk institutt melde i dag tidleg at det kan komma nedbørsmengder på 300 millimeter over ein periode på tre dagar.

– Det er spesielt. Dette er noko som skjer berre kvart femte år. Kanskje så mykje som kvart tiande år, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Anne-Mette Olsen.

27 år sidan
27 år sidan: Slik såg det ut ein morgon på Helland i 1980. Pionerjolla vart henta fram. I båten nærast sit Mari-Anne Korsvik og broren Axel Korsvik. Foto: Privat

I Hordaland har Statens vegvesen varsla om fare for vassplaning. Det skuldast mykje vatn på vegane etter regnvêret natt til tysdag. Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om auka overvaking av vêrsituasjonen, men kjem ikkje på noverande tidspunkt å varsla om ekstremvêr.

– Men det er heilt klart at nedbøren vil forårsaka lokale problem. I tillegg er det veldig skummelt med snøskredfaren. Eg håpar inderleg at folk ikkje ferdast der det er bratt terreng i fjellet, seier Anne-Mette Olsen til NRK.

Me får håpa at me unngår storflaumar som på Helland i 1980.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut