annonse

Håpar på tips om brannane

VIL HA TIPS:
VIL HA TIPS: Har du sett noko mistenkjeleg på desse stadene mellom klokka tre og fem natt til tysdag? Politiet ønskjer tips for å få tatt gjerningspersonane.
BRENT BORT
BRENT BORT: Bosstasjonen ved Sunnhordland museum er svidd bort av flammane. Stasjonen ligg ikkje langt frå hovudbygningen til museet og Mehammerbuo. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)
SVIDD GJERDET
SVIDD GJERDET: Dette var synet då tilsette og ungar kom til Sæ barnehage tysdag morgon. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)
Restar
Restar: Dette er alt som var igjen av eit bosspann i Sæ. (Foto: Tipsar)

Politiet håpar publikum har informasjon som gjer at dei kjem nærmare å finna vedkommande som sette fyr fire stadar natt til tysdag,

Hilde Vormedal Nybø

– Me er interessert i tips frå folk som kan ha sett noko på brannstadane, seier Nils Blikra, etterforskingsleiar ved Stord lensmannskontor, til Sunnhordland.

Han fortel at dei meiner at brannane har oppstått mellom klokka 03.00–05.00 natt til tysdag. Dei fire stadane er i Sæ, ti meter inn i vegen mot Kattatveit. I Åsringen ved Sæ barnehage. I Åsringen i nærleiken av Trudvang, og på Sunnhordland museum.

– Me ønskjer å finna fram til kven som står bak. Ein ting er om ein ser dette som eit reint hærverk. Men dette er klart farleg. Nokre av desse boscontainerane har stått i nærleiken av hus, og det har vore fare for at brannane skulle spreia seg, seier Blikra.

Bakgrunn: Fleire brannar på Stord natt til tysdag

Svidd gjerde

– Ungane seier at det er bra at Brannmann Sam og Elfie har vore her, seier Kenneth Skartveit som jobbar i Sæ barnehage.

SVIDD GJERDET
SVIDD GJERDET: Dette var synet då tilsette og ungar kom til Sæ barnehage tysdag morgon. Foto: Hilde Vormedal Nybø

Då ungar og dei tilsette kom til barnehagen tysdag morgon var området rundt bosspanna eit sørgjeleg syn. Flammane har også teke tak i gjerdet rundt barnehageområdet.

– Dette er keisamt. Eg synest også det er skummelt at det har teke fyr i gjerdet rundt barnehagen, seier Ådne Fjellanger som jobbar i barnehagen.

– Her er jo kort avstand til hus, så det kunne lett ha gått verre, seier Skartveit.

Svarte restar

Ved Sunnhordland museum er det berre svarte restar og nokre hjul igjen etter det som var museet sin bosstasjon ved den nordlege inngangen til museet.

BRENT BORT
BRENT BORT: Bosstasjonen ved Sunnhordland museum er svidd bort av flammane. Stasjonen ligg ikkje langt frå hovudbygningen til museet og Mehammerbuo. Foto: Hilde Vormedal Nybø

– Det var eit trist syn, seier Håvard Tvedte, dagleg leiar for museet.

Han fortel at dei i seinare tid har fått bygd bosstasjonen og at han utfrå brannvernsplanen er plassert bort frå husveggen.

– Men eg synest det er trist at det går folk rundt i eit flott område og tenner på, seier Tvedte.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut