annonse

Håpar tusenvis tek turen

2015
2015: Rundt 3.000 personar skal ha vore til stades då det vart arrangert fakkeltog i samband med julegateopninga dette året. Arrangørane håpar på mange førstkommande laurdag også. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KLAR
KLAR: Ordførar Gaute Epland, senterleiar Hans Martin Haavik og Turid Fadnes i Leirvik Sentrumsforening er klare til å få julelysa tent i sentrum. (Foto: OLAV RØLI)
1982
1982: Denne dagen var Målfrid Nøstbakken, Anne Mari Nilsen og Tore C. Aas i gang med å montera julelys i kuling og regn. (Foto: FAKSIMILE)

Laurdag går Leirvik sentrum inn i adventstida. Då vert julegata og julegrana tent.

Olav Røli

I samband med opninga vert det arrangert både fakkeltog og underhaldning i sentrum. Arrangørane håpar at mange tek turen.

– Me håpar mellom 2.000 og 3.000 vil ta turen til sentrum denne laurdagen. Og me har bede vêrgudane om godt vêr, seier senterleiar ved Amfi Leirvik, Hans Martin Haavik.

Scene på Torget

For tredje år på rad vert det eit felles arrangement mellom Leirvik sentrumsforening og Amfi Stord i samband med inngangen på adventstida. I tillegg til fakkeltog og tenning av julegran, julegate og lys i teletårnet, vert det også underhaldning med både ordførar, Leirvik mannskor, Stord skulekorps og Sunnhordland museum. Nytt av året er at det skal verta rigga ein scene på Torget.

– Eg gler meg veldig til opninga, og vil rosa initiativtakarane. Så no må eg berre få skrive talen, seier ordførar Gaute Epland, som skal halda tale.

– Kva skal talen handla om?

KLAR
KLAR: Ordførar Gaute Epland, senterleiar Hans Martin Haavik og Turid Fadnes i Leirvik Sentrumsforening er klare til å få julelysa tent i sentrum. Foto: OLAV RØLI

– Nei, det er ikkje heilt avklart. Men ein må få fram bodskapen i jula, og at folk må ta vare på kvarandre, seier ordføraren.

Pilane peiker opp

Hans Martin Haavik og Turid Fadnes i Leirvik sentrumsforening meiner det går fint å opna julegata no, sjølv om me berre er midtvegs i november. Tidlegare opna ho alltid torsdag før første adventssøndag.

– Dei fleste andre byar har også julegrana oppe no, seier Haavik.

– Dessutan må me ha det slik at det ikkje kolliderer med lysfesten i Bergen, seier Fadnes.

Les også: Peparkakebyen snart klar i Borggata

1982
1982: Denne dagen var Målfrid Nøstbakken, Anne Mari Nilsen og Tore C. Aas i gang med å montera julelys i kuling og regn. Foto: FAKSIMILE

Både Haavik og Fadnes håpar at julehandelen i år vert god, og at folk prioriterer lokal handel. Haavik er optimist føre årets julehandel.

– Om me oppnår det same resultatet som i fjor, så skal me vera nøgde. Pilane peikar jo riktig veg på Stord om dagen, så alt ligg til rette for at det skal verta bra i år, fortel han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut