annonse

Har bestilt to nye skip

Betre tider
Betre tider: Det lysnar i nærskipsflåten, og no har Aasen Shipping i Mosterhamn bestilt to nye hybride Bulk carriers, eller såkalla sjølvlossarar. På biletet ser me eitt av skipa «aasfjord», som ligg til kai i Mosterhamn. (Foto: Nils-Tore Sele/Arkiv)

Aasen Shipping byggjer nytt og miljøvennleg i Nederland.

Magne Kydland

Aasen Shipping i Mosterhamn skal byggja to nye hybride sjølvlossarar i Nederland.

Dei to nye bulkfartøya er på 9.150 dødvekttonn kvar, skal byggjast ved Royal Bodewes, og leverast i 2021.

Aasen Shipping skriv i ei pressemelding at skipa får ein batteripakke om bord som vil redusere forbruket av drivstoff med 350 tonn pr. år. Det heiter også at sjølvlossarane med gravemaskin blir dei største i marknaden. Gravemaskinen skal også vera elektrisk, utsleppsfri og nærmast lydlaus.

– Fartøya vil bli dei mest miljøvennlege nokosinne bygde innan sitt segment, utstyrt med hybrid framdrift system. Og truleg dei aller første hybride bulk carriers. Fartøya blir 120 meter lange, og 15,80 meter breie. Hovudmotoren blir ein Wärtsilä 8L26 2600 kW. Batterikapasitet er på 339 kWh, heiter det i pressemeldinga.

Aasen Shipping er et familieeigd reiarlag med base i Mosterhamn. Det vart etablert av Hans Martin Torkelsen i 1981 og eig no seks bulk carriers.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut