annonse

Har fått ny helse- og sosialsjef

Anne Økland kjem no til å pendla mellom Bømlo og Fitjar.

Anita Haugland

Anna Økland (49) frå Bømlo har takka ja til stillinga som helse- og sosialsjef i Fitjar kommune. Det kom fram under formannskapet i Fitjar onsdag ettermiddag.

– Akkurat no jobbar eg som gruppeleiar i habiliteringstenesta i Bømlo kommune, ei teneste som er for personar med funksjonshemming. Eg søkte på stillinga fordi eg synest den høyrdest spennande ut, og fordi eg ønskte nye utfordringar. Det kan vera greitt å sjå korleis dei har det i andre kommunar også, seier Økland på telefon til Sunnhordland.

Ho kjem til å pendla til den nye jobben.

– Eg gler meg til å byrja i den nye jobben, seier 49-åringen.

Ho har mange års erfaring med å jobba i helsetenesta.

Den noverande helse- og sosialsjefen, Anne Berit Hovstad Johansen, byrjar no i ei stilling som seniorrådgjevar.

Anita Haugland

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut