annonse

Har fått nye eigarar

VINDPARKEN
VINDPARKEN: Bergens Tidende melder at Midtfjellet Vindkraft AS har fått nye utanlandske fond som eigarar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Midtfjellet Vindkraft AS har fått nye utanlandske fond som eigarar.

Ingvild Siglen Berger

Det er Bergens Tidende som skriv at tre utanlandske investeringsfond har teke over den formelle eigarskapen til vindkraftverket.

Tesla Wind Holding har no 59,41 prosent av aksjane. Nika Renewables Holding har 11,33 prosent, medan Tesseract Holdings Limited har 25,92 prosent.

Dei to førstnemnde er heimehøyrande i Luxembourg, og Tesseract høyrer til i London.

Fitjar Kraftlag SA sin eigarpost er framleis på 3,35 prosent.

Les også: Aquila Capital eig no 97 prosent av Midtfjellet Vindkraft

Det tyske investeringsselskapet Aquila Capital er hovudeigar i Midtfjellet Vindkraft AS, og Bernhard Gierke, direktør i Aquila Capital, seier til BT at transaksjonen ikkje får store konsekvensar for vindkraftverket.

– Fonda som no har overteke eigarskapen, vert alle forvalta av Aquila, seier Gierke.

Han held fram som styreleiar for vindkraftverket på vegner av dei nye eigarane.

– Me siktar mot å auka vår fornybarportefølje i Norden, og særleg i Norge. Det er viktig for oss å samarbeida godt med dei lokalsamfunna der me er involvert. Me er stolte over resultata som er oppnådd i Fitjar, seier Gierke til BT.

Les også: Eigarane tok ut over 300 mill. i utbyte

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut