annonse

Har gjort hermetikkfabrikk til millionbutikk

: Produksjonssjef Audun Hatlevik har ansvaret for at alt går rett føre seg i produksjonslokala på Stavland. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Maskinar gjer mesteparten av arbeidet i fabrikken. Mesteparten av maskinane er laga av bømlingen Eivind Hope. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Egle Butkuviene sørgjer for at glasa står rett på samlebandet, før tomatpuréen blir spruta oppi. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Ignas Liachovicius fyller på med lok til glasa. Resten av jobben fiksar maskinen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Råvarene får produksjonssjef Audun Hatlevik frå Portugal. Ifølgje dagleg leiar Anders Stavland har dei hatt same leverandør sidan oppstarten. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: 50.000 glas skal Egle Butkuviene ha kontroll på i løpet av ein produksjonsdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Glasa som blir brukt til tomatpuré var det mest populære glaset å levera urinprøvar i, då Stord-lege Arvid Vatle forska på urinprøveemballasje på 90-talet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Merkelappane blir klistra på i stor fart. Det er dei same maskinane som pakkar den vanlege og den økologiske tomatpuréen, men dei skil produksjonen frå kvarandre med eigne produksjonsdagar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Dagleg leiar Anders Stavland kjøpte i fjor opp 80 prosent av aksjane i selskapet. Resten er det hans eigne barn som har kjøpt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Stavland AS

Anders Stavland måtte få kona til å forklara kva tomatpuré var, då han tilfeldigvis fekk tilbod om å kjøpa både produksjons­lokale og varelager. Ein time seinare var handelen i boks.

  • Anders Totland

Kvart fjerde sekund blir eit glas med tomatpuré, eller nokon av dei andre produkta som blir pakka på Stavland, lagt i ei handlekorg ein stad i landet. Reknestykket baserer seg på 300 handledagar i året, med ti timar kvar dag. Sluttresultatet nærmar seg tre millionar selde einingar kvart år.
 
 

– Det er eigentleg berre flaks, det me driv med. Ja, det er heilt sant. Hadde me ikkje hatt slump, hadde «det gje te donders», innrømmer Anders Stavland.
 
 

I fjor kjøpte han ut bror og svoger, og står no som eigar av 80 prosent av Stavland AS, med sine eigne barn som dei to siste aksjonærane. Sjølv om dei både sel honning og crushed tomatoes, er det tomatpuréen som er den soleklare hovudvara.
 
 

Det var på ingen måte sjølvsagt at det var slik det skulle gå, då Anders flytta tilbake til Bømlo for å gå inn i faren si verksemd som honningseljar i 1969, etter nokre år på innkjøpsavdelinga til Stord Verft.

Det store rekordåret

Far til Anders, Jens P. Stavland, hermetiserte sjømat, og dreiv også med honningproduksjon. Då sonen starta som omreisande honningseljar, blei hermetiseringa lagt på is, og det var fullt fokus på honningen. På det meste hadde dei 1.600 bikuber plassert rundt på Bømlo, og i rekordåret 1976 produserte dei 45 tonn honning.
 
 

– Normalen var 30 tonn, så dette var eit kjempeår for oss. Året etter satsa me vidare, og tenkte me skulle klara å få 60 tonn. Men så fekk me fem. Då måtte me byrja å tenkja. Om me skulle få to slike år etter kvarandre, med berre fem tonn honning, ville me svelta i hel. Berre for å dekka kostnadene til produksjonen, måtte me ha minst ti tonn. Då fann me ut at me ikkje kunne satsa på noko så vêravhengig som honning, seier Anders Stavland.

Éin million einingar

Løysinga på problemet fekk dei på mange måtar servert på sølvfat året etter. Honningproduksjonen hadde teke seg litt opp igjen, men familien Stavland var fast bestemte på at dei måtte skaffa seg fleire, og meir stabile, bein å stå på. Samstundes hadde dei behov for større kjølekapasitet til honningen sin, og tok kontakt med Bergensmeieriet for å prøva å leiga kjølerom i meieribygget i Urangsvåg, der meieriet hadde produksjon av tomatpuré.
 
 

– Me fekk til svar at dei ville komma ein tur frå Bergen for å drøfta saka. Eg tenkte no at det var litt overdrive å komma reisande til Bømlo for å snakka om leige av eit kjølerom, men han ville absolutt komma. Så sat me heime i stova, og plutseleg byrja han å snakka om at han kunne tenkja seg å selja heile bygningen til oss, med varelager og maskiner og det heile, fortel Stavland.
 
 

Både bygget og varelageret skulle dei få relativt billig, og lager til honningen fekk dei på kjøpet. Det var berre eitt lite problem: Verken Anders eller Jens P. Stavland hadde høyrt om tomatpuré før.
 
 

– Eg måtte rett og slett ta ein liten time out, og gå ut på kjøkenet til kona for å spørja henne. Og ho visste kva det var. Etter to minutt gjekk eg inn i stova og fortsette forhandlingane, og ein time seinare var handelen ferdig, seier Stavland.

Honning og tomatpuré

Med på kjøpet fekk dei ein million einingar tomatpuré, som Bergensmeieriet ikkje hadde fått selt. Stavland henta varelageret frå Minde til Bømlo, og gjekk til verks med ein forretningside som seinare skulle visa seg å bli millionbutikk.
 
 

– Seljarane til Bergensmeieriet hadde mykje dei skulle selja når dei besøkte kjøpmennene. Dei skulle selja mjølk og fløyte og is og allslags. Då dei var komne heilt ned på lista, der tomatpuréen stod, var både seljarane og kjøpmennene leie. Eg hadde berre ei vare eg selde frå før, og kunne prioritera tomatpuréen på ein heilt anna måte. Eg var jo alt ute i marknaden og hadde ei kundegruppe som eg selde honning til. Kunne eg få eitt produkt til som eg kunne selja, var det ein unik moglegheit for meg, tenkte eg. Det er mykje meir fornuftig å selja to varer enn å berre selja ei vare.
 
 
 
– Dessutan var produksjon av tomatpuré mykje meir stabilt. Me visste kva me måtte betala for råvarene, og om lag kva me fekk igjen for å selja produktet i marknaden. Dermed ville me heile tida tena pengar, dersom kalkylane våre var rette, seier Stavland.
 
 

– Så om nokon skulle meina at honning og tomatpuré er ein rar kombinasjon, fungerer det i alle fall betre enn tomatpuré og mjølk?
 
 

– Ja.

Glas og plast

I alle dei 36 åra Stavland har vore i tomatpurébransjen, har han halde seg til råvareleverandøren som han arva etter Bergensmeieriet. Så lenge kundane er nøgde, ser ikkje Stavland noko grunn til å gå på jakt etter nye leverandørar.
 
 

– Men me har vore nede i Portugal og sett strengt på dei som pakkar. Og det er ikkje berre sjølve tomatpuréen som er produktet vårt. Det er ein haug med komponentar som må på plass for å laga eit godt produkt. Det er det me har forstått, og det er der me har vore best. Skal me klara å selja eit produkt i marknaden, i konkurranse med alle dei utanlandske fabrikkane, må me laga eit produkt som langt, langt overgår andre sine produkt. Det er der me har satsa, seier Stavland.
 
 

Han nemner tomatpuréglaset, som er designa og produsert spesielt for Stavland, og samanliknar med Coca-Cola si glasflaske. Kor viktig det er å tenkja på meir enn berre råvara, gjekk for alvor opp for han på 70-talet, då han reiste rundt som honningseljar.
 
 

– Eg leverte varer til ein kjøpmann i Bergen, som handla mykje hos meg, og sa at eg vurderte å gå over til plast. Då såg han strengt på meg, og sa: «Du Stavland, om du går over til å pakka i plast, trur eg ikkje at eg kjem til å handla meir hos deg. Eit edelt naturprodukt som honning skal ha den beste innpakninga ein kan få. Kundane skal sjå vara, og du må ikkje finna på noko anna». Seinare har eg ikkje tenkt meir på plast.

Lokallaga maskiner

Inne i fabrikklokala klirrar det i glas, berre overdøyvd av lyden av tomatpuré som blir sprøyta ned i nye glas med eit halvt sekunds mellomrom. I eine enden av lokalet står to personar som sørgjer for at glasa er heile og fine, og at det heile tida blir slurpa opp tomatpuré frå dei importerte tønnene med råvarer. I andre enden av produksjonen blir merkelappar klistra på, medan produksjonssjef Audun Hatlevik heile tida går frå stasjon til stasjon for å sikra at alt går rett føre seg.
 
 
 

Maskinane, som er laga av Eivind Hope på Rubbestadneset, gjer nesten heile jobben, så dei fire tilsette i fabrikken er der stort sett for å kontrollera at ingenting går gale.
 
 
 

Med jamne mellomrom tar maskinen eit glas med tomatpuré til sides, for å vega innhaldet. Det skal vera 180 gram råvare i kvart glas, og er det eitt gram for mykje eller for lite i glaset, sender maskinen beskjed til purésprutaren om å justera mengda.
 
 
 

– Sjå der! Der sjekkar maskinen at det er vakuum i glaset, og skyt ut dei glasa som ikkje blir godkjent, seier produksjonssjef Hatlevik og peikar på ein liten dings som kontrollerer kvart einaste glas som skal forbi, før det kjem ut til kundane.

Eksponerer varene

Når dagen er omme har dei pakka 50.000 glas med tomatpuré, som er klar til å fraktast ut til alle landets butikkar. Sidan Stavland inngjekk avtale om grossistdistribusjon med Rema 1000 tidleg på 90-talet har marknaden vakse seg større og større, og no er Stavland sine produkt å finna i 90 prosent av alle butikkane i landet.
 
 
 

Tida då Anders Stavland køyrde frå butikk til butikk med varene sine, er for lengst slutt. Det hender likevel rett som det er at han fyller bilen med honning eller tomatpuré, og set kursen mot kjøpmenn som skal påverkast.
 
 
 

– Når eg får eksponera varene i butikken, sel eg fem-ti gonger så mykje. Difor tilbyr eg litt rabattar til kjøpmennene, for å få setja varene på ein pall midt på golvet. Det seier seg sjølv at eg ikkje treng å tena like mykje per glas dersom eg sel ti gonger så mange glas, seier Stavland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut