annonse

Har gjort klar utstyr

I beredskap
I beredskap: Stord brann og redning står klar om noko skulle skje i natt i samband med ekstremvêret «Aina». (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

Stord brann og redning er klar for ei stormfull natt.

Vidar Hope

I kveld kom det varsel om ekstremvêr på Vestlandet. Uvêret har fått namnet «Aina» og er venta å slå til for fullt natt til fredag.

Då Sunnhordland var i kontakt med operasjonsleiaren i politiet i 19.30-tida var det ingen store hendingar som følgje av uvêret i vårt distrikt.

Les også: Stormflo i Leirvik sentrum

Jan Ove Anthun i Stord brann og redning har også hatt det roleg så langt. Han er klar om noko skulle skje.

– Me har eit lag på vakt her, i tillegg kan me kontakta fleire ved behov. Det er venta sterkare vind til natta og me har gjort klart nødvendig utstyr viss noko skulle skje, seier Anthun til Sunnhordland.

– Me får kryssa fingrane for at dette går bra, men skulle det skje noko er me klare, legg han til.

Les også: – Lad telefonen, finn fram lommelykt og ved

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut