annonse

Har ikkje skjedd noko straffbart

Funnen død
Funnen død: Ein mann i 30-åra blei funnen død i heimen sin natt til torsdag 19. september. Politiet fekk bistand av krimteknikarar. (Foto: Olav Røli)

Den mellombelse obduksjonsrapporten er klar.

Vidar Hope

Politiet konkluderer med at det ikkje skjedde noko straffbart på Ås natt til torsdag 19. september. Politiet fekk melding i eitt-tida same natta om funn av ein død mann i ein leilegheit på Ås ved Leirvik sentrum.

«Rapporten tilseier ikkje at det er skjedd noko straffbart. Hendinga framstår som ein tragedie for familien, og politiet ønskjer ikkje å gå nærmare inn på dødsårsaka», skriv kommunikasjonsrådgjevar Hilde Urdal Fløysvik i Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet offentliggjer dette i samråd med dei pårørande.

Les også: Trappar ned på etterforskinga

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut