annonse

Har justert opp brannfaren til oransje nivå

Stor brannfare
Stor brannfare: I formiddag blei farenivået justert opp til oransje nivå. (Foto: Thomas André Hjelmen / arkiv)

Men seint i kveld er det håp om eit skikkeleg regnskyll.

Vidar Hope

Faren for skog-, gras- og lyngbrann på Vestlandet og Trøndelag har auka. No er farenivået justert opp til oransje nivå.

Som Sunnhordland melde tysdag er det venta kraftig regnskyll seint i kveld eller natt til torsdag. Det vil hjelpa på, ifølgje meteorolog Magni Svanevik hos Meteorologisk institutt. Det er også meldt variert vêr gjennom helga, med regnbyer innimellom.

– Me likar finvêr, men har ikkje noko imot regn no. Det skal bli godt å få ei bløyte, sa Leif Rune Vad i Stord brann og redning i går.

Sunnhordland på leiarplass: Ver forsiktig med elden

Vad fortel om lokale variasjonar.

– Det er stor skilnad på Kvelve og Landåsen. Oppe i fjellet er det ikkje lenge sidan snøen smelta vekk, medan nede i låglandet er det svært tørt. Særleg i skogsområde der det nett har vore hogst, som i Landåsen, seier han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut