annonse

Har kniven på strupen

FERJEFRITT
FERJEFRITT: Slik kan «Sunnfast» bli. – Då slepp me å byggja nye ferjeleie og me får døgnopne vegar, seier Kjell Fylkesnes. Illustrasjon/ (Foto: Sunnfast / Jimmi Salomonsen)
GÅR FOR SØRLEG
GÅR FOR SØRLEG: Ordførarane i Tysnes, Kvinnherad og Stord jobbar for å få departementet til å velja sørleg kryssing av Langenuen. (Foto: GAUTE LUND)

– Vel politikarane å gå for midtre kryssing av Langenuen i Hordfast blir det som å gå baklengs inn i framtida, seier Kjell Fylkesnes.

Marius Knutsen

Saman med dei andre i Sunnfast-prosjektet jobbar han no på spreng for å få politikarane til å velja sørleg kryssing.

– Men me har kniven på strupen. Dette skal departementet bestemma seg for før jul i år, seier Fylkesnes.

Stort team

På ein pressekonferanse onsdag inviterte Sunnfast-prosjektet både ordførarane i Tysnes, Kvinnherad og Stord og pressa for å høyra meir om planane om eit ferjefritt Sunnhordland.

– Me har også laga ei infoavis, finansiert av kommunane og næringslivet, som kjem ut til husstandane i Sunnhordland. Me treng hjelp ifrå alle for å påverka slik at ein går for sørleg kryssing av Langenuen, seier Fylkesnes. 

22 minutt til Husnes

Sunnhordlandsdiagonalen AS og Sunnhordlandssambandet AS er pådrivarane bak det ambisiøse Sunnfast-prosjektet. Blir det ein realitet, vil reisetida mellom Husnes og Leirvik bli korta ned til 22 minutt.

– Hordfast er noko av det beste som kan skje for Vestlandet. Og det kjem til å bli noko av. Men om me skal knyta saman regionen og få ei ferjefri framtid, så blir den midtre kryssinga som ein kjempedyr u-sving å rekna, seier Fylkesnes.

Sunnfast ser nemleg for seg ei sørleg kryssing av Langenuen, ved Jektevik. Vidare går ferda frå Tysnes via bruer til Skorpo, Huglo og Husnes.

– Dersom ein går for den midtre kryssinga, frå Raunholm på Fitjar, vil det utgjera ein omveg på 12 minuttar – eller 20 kilometer om ein vil køyra frå Leirvik til Husnes.

Lang veg

Ifølgje ordførarane i Stord, Tysnes og Kvinnherad, har dei enno ikkje bestemt seg for om dei vil jobba vidare med Sunnfast-prosjektet.

– I løpet av den næraste tida kjem det til å komma eit forslag til kommunestyra i Tysnes, Stord og Kvinnherad, som administrasjonen i Kvinnherad har laga, for å greia ut Sunnfast-prosjektet vidare. Det vil kosta om lag ein million kroner å finna ut om dette er vegen vidare. Av dei vil Kvinnherad betala halvparten, medan Stord og Tysnes deler på den andre halvparten, seier Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø.

Dei tre ordførarane jobbar på spreng for å overtyda departementet om at den sørlege kryssinga i Hordfast-prosjektet er betre.

– Sunnfast-prosjektet vil ikkje døy ut om ein vel ei midtre kryssing. Men det vil bli eit dyrare og dårlegare alternativ, seier Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

Ordførarane er likevel samde om at det uansett vil bli betre enn det er i dag.

– Alle er einige om at fastlandssamband er den beste løysinga, men det kan vera langt fram i tid. Difor jobbar me også for nytt ferjeleie som ei mellombels løysing.

Det meiner Kjell Fylkesnes er unødvendig.

– Med Sunnfast slepp me å byggja nye ferjeleie og me får døgnopne vegar, seier Fylkesnes.

Ny rapport

I infoavisa presenterer også prosjektgruppa ein ny rapport, bestilt av næringslivet i regionen og kommunane i «Sunnfast».

– Eg er svært glad for at næringsliv og kommunar har betalt for denne rapporten som viser effekten av nye framtidige tilførslevegar frå Kvinnherad og opp mot E-39. Kvinnherad er trass alt den nest største kommunen i Sunnhordland. Dette burde Statens vegvesen sjølv ja gjort under arbeidet med den statlege kommunedelplanen. Men no har Norconsult, som har laga rapporten, nytta seg av same transportmodellar som Statens vegvesen gjorde i arbeidet med kommunedelplanen. Resultatet i den ferske NorConsult-rapporten viser tydeleg ein positiv effekt med auka trafikknytte for sørleg kryssing over Langenuen med 9,5 milliardar. Dette medfører at det ikkje lenger er økonomisk grunnlag for å velja andre kryssingar enn den sørlege, seier Gunnar Bakke i avisa. Bakke er styreleiar i Sunnhordlandssambandet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut