annonse

Har oppretta personalsak mot rådmann

Ført bak lyset
Ført bak lyset: Peder Sjo slettebø har oppretta personalsak mot rådmann Odd Ivar Øvregård. (Foto: Olav Vatn)

Administrasjonen hadde signert avtale før politikarane hadde behandla saka.

Magne Kydland

Rådmann i Kvinnherad, Odd Ivar Øvregård, er i hardt vêr etter at det i førre veke kom fram at tilsette i økonomiavdelinga hadde signert ein låneavtale på seks millionar kroner til Folgefonnsenteret, ei sak som skulle bli politisk behandla sist torsdag.

Det er Kvinnheringen som skriv om saka i dag.

Ordførar Peder Sjo slettebø stadfestar overfor avisa at det er oppretta personalsak mot rådmannen. Bakgrunnen er at formannskapet meiner seg ført bak lyset i saka om eventuell kommunal overtaking av eit lån på seks millionar kroner for å hjelpa Folgefonnsenteret til betre lånevilkår. Kommunen er frå før garantist for lånet.

Ifølgje Kvinnheringen var saka i sakspapira framstilt som om låneovertakinga skulle opp til politisk behandling i formannskapet sist torsdag, men fakta er at avtalen vart signert av rådmannen 6. april.

Saka vart trekt i formannskapet, ifølgje rådmannen på grunn av manglande saksbehandling.

Ordføraren seier til avisa at avtalen med Folgefonnsenteret er ugyldig, og at rådmannen har unngått å opplysa om avtalen til politikarane.

Rådmannen seier i ein kommentar til Kvinnheringen at det som er skrive under er eit forslag til noko anna, og at det dermed ikkje vil seia at kommunen har overteke lånet, men at kommunen innfrir det.

Han meiner også at det kan ha bli gjort ein feil, utan at feilen dermed er i strid med tidlegare praksis.

Rådmannen står på at det var rett å trekkja saka frå formannskapet torsdag, fordi saka ikkje var skikkeleg førebudd.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut