annonse

Har valt kven som får utvida kaianlegget

NYSIGNERT:
NYSIGNERT: Her har Per Ivar Birkeland (t.v.) i Birken & Co. AS signert kontraken, her i lag med adm. Dir. Steinar Røgenes i Kværner på Stord. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
KLAR TIL CASTBERG:
KLAR TIL CASTBERG: Slik vil det nye kaianlegget sjå ut med Johan Castberg liggjande til kai. (Foto: KVÆRNER)
PROSESSEN:
PROSESSEN: Her viser Per Ivar Birkeland korleis prosessen med å byggja den nye kaien til Kværner skal gå føre seg. Jan Flesjå har laga illustrasjonen. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Kværner har bestemt seg for kven som skal byggja ut kaianlegget på verftet.

Vidar Hope

Entreprenørselskapet Birken & Co er tildelt kontrakten for utdjuping av hamnebassenget og bygging av kai på Kværner sitt verft, skriv Kværner i ei pressemelding.

13. februar annonserte verftet at dei har planar om å investera totalt 370 millionar kroner i nytt kaianlegg og forlenga krantransport.

KLAR TIL CASTBERG:
KLAR TIL CASTBERG:: Slik vil det nye kaianlegget sjå ut med Johan Castberg liggjande til kai. Foto: KVÆRNER

«Investeringa er eit viktig bidrag i arbeidet med å styrkja konsernet si konkurransekraft, og vil gjera anlegget meir fleksibelt og bidra til auka produktivitet», melder Kværner.

Avtalen med Birken & Co inkluderer prosjektering, i tillegg til rigg og drift i anleggsperioden. Birken & Co har spesialkompetanse innan kai- og hamneutbygging. Selskapet blei etablert i 2005.

Utvidinga vil auka kaikapasiteten med 266 meter og gje 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsareal. Djupna ved den nye kaien blir 16 meter, noko som vil gjera skipsopphald for dei fleste typar flytande offshoreinstallasjonar.

I tillegg til kaiprosjektet vert det også planlagt å forlengja banen for den enorme kranen «Storen» med hundre meter. Dette fører til at installasjonar som ligg ved den nye «Vestkaien» vil få auka krandekking av den 1.050 tonn store traverskranen.

PROSESSEN:
PROSESSEN:: Her viser Per Ivar Birkeland korleis prosessen med å byggja den nye kaien til Kværner skal gå føre seg. Jan Flesjå har laga illustrasjonen. Foto: MARIUS KNUTSEN

Det skal også på eit seinare tidspunkt tildelast oppdrag i samband med utviding av verftet sin infrastruktur på den nye kaien.

Prosjektet startar opp snarleg, og ny kai skal stå ferdig i andre kvartal 2020, melder Kværner.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut