annonse

Hastemøte etter narkorykte

Narko i 9.-klasse
Narko i 9.-klasse: Måndag blei føresette til elevane i 9.-klasse kalla inn til eit hastemøte på Stord ungdomsskule. Rektor Anne Sissel Mugaas, leiar for førebyggjande ved Stord lensmannskontor, Nils Blikra og SLT-koordinator Bjarte Epland var også med på møtet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / MARIUS KNUTSEN / PER EGIL LARSEN (ARKIV)

Stord ungdomsskule kalla måndag foreldre og føresette på 9.-trinnet inn til hastemøte etter at elevar skal ha brukt hasj, rivotril, ecstasy og adhd-medisinar.

Marius Knutsen

– Me valde å ha dette møtet då det er komme opp ei bekymring etter at ei lita gruppe elevar ved Stord ungdomsskule skal ha fått tilbod om og brukt ulike rusmiddel, opplyser Bjarte Epland, SLT-koordinator i Stord kommune.

Tunge stoff

Ifølgje Epland dreier det seg om dei narkotiske stoffa ecstasy og cannabis, I tillegg skal elevar ha brukt rivotril, adhd-medisinar og alkohol.

– Det er viktig å presisera at det er lite rusmiddel i omløp. Dette er likevel noko me ønskjer å ta opp, slik at foreldra kan snakka med ungane sine. Dette gjeld mellom anna tunge og alvorlege rusmiddel som ein ikkje ønskjer at verken unge eller eldre skal bruka, held Epland fram.

Alle foreldre og føresette til elevar ved 9.-trinnet på Stord ungdomsskule blei inviterte til hastemøtet på Stord ungdomsskule måndag kveld.

– Me måtte informera om dette. På den måten kan foreldre førebu sine ungar om at dei kan få tilbodet om desse narkotiske stoffa og igjen hjelpa dei med å ta gode val, seier Epland.

– Ikkje kjekt

I mars månad kalla også Nordbygdo ungdomsskule inn til eit hastemøte då elevar ved skulen fekk tilbod om hasj. Den episoden skjedde utanfor skuletida, og utanfor skulen. Men i området rundt skulen.

– I lys av det me har fått vita av SLT-koordinatoren og episoden ved Nordbygdo tidlegare i år, er det ikkje uventa at også nokre av våre elevar har testa ut ulike rusmidlar. Når det er sagt, er det aldri kjekt at det skjer. Samstundes er det viktig at me held roa, og møter situasjonen med klokskap, seier Anne Sissel Mugaas.

Rektoren ved Stord ungdomsskule er glad det kom mange engasjerte føresette på hastemøte.

– Har desse elevane rusa seg i skuletida?

– Ingen vaksne har nokon gong observert rusa elevar i skuletida på Stord ungdomsskule. Men elevar på skulen har sett at det har vore tablettar som har bytt eigar.

– Har dette skjedd i skuletida?

– Det kan ha skjedd på skulen. Men det veit me ikkje sikkert, seier Mugaas.

Ho har no sendt ut eit infoskriv til alle foreldre og føresette ved skulen for å informera om saka.

Lite miljø

Avsnittsleiar førebyggjande og politikontakt ved Stord lensmannskontor, Nils Blikra, deltok også på hastemøtet.

– I denne saka er det snakk om ei lita gruppering av ungdommar som står for mykje, seier Blikra til Sunnhordland.

Han fortel også at det blir arbeida hardt for å få kontroll på denne gruppa.

– Alle etatar i kommunen jobbar no på spreng med å få kontroll på desse elevane, seier Blikra.

– Korleis får 9.-klassingar tak i så tunge, narkotiske stoff?

– I denne saka kan me ikkje retta peikefingeren direkte mot det etablerte rusmiljøet på øya. Dei kan sjølvsagt ha kjøpt noko der, men ungdommar i denne aldersgruppa reiser også åleine til Haugesund, Bergen og andre stader og kjøper sjølv, seier Blikra.

Han er også uroa for den siste narkotrenden på ulike nettsider.

– Fleire sider frå utlandet lovar kjøpar leveringsgaranti. Stoppar tollen pakken din, sender dei berre ein ny. Me står ovanfor ei stor utfordring her, understrekar Blikra.

Må følgja med

Både Blikra og Epland meiner det no er viktig å prata med elevane.

– Det er viktig å ta dette opp. Me snakkar med elevane som har brukt desse stoffa, men foreldre og føresette må førebu sine ungar på at dei kan få tilbod om narkotika, seier Epland.

– Me treng hjelp frå dei vaksne. No gjeld det å vera «på». Me går også mot ei tid der ungane kanskje har fri, medan foreldre må jobba. Ein må vera på vakt. Og så er det viktig å søka kunnskap og snakka med ungdommane sine. Det er også viktig å vera trygge og gode som vaksne, seier Blikra.

Verken Epland eller Blikra vil på nokon måte svartmåla ungdommen på Stord.

– Jamt over har me veldig flott ungdom på Stord. Og dette miljøet er lite, understrekar Blikra.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut