annonse

Håvik ber UNE sjå på saka igjen

Appell
Appell: Frank Håvik deltok på ein demonstrasjon mot utsending til Afghanistan i Oslo i helga. Han har ikkje gjeve opp saka om familien på fem som blei henta ut frå kyrkjeasyl på Fitjar tidlegare i år. (Foto: Privat)

Pastor Frank Håvik meiner nye opplysningar bør stoppa tvangsretur av afghansk familie.

Vidar Hope

Laurdag kveld var Håvik med på demonstrasjonen «Stopp utsendinga til Afghanistan» på Eidsvolls plass utanfor Stortinget. Pastoren fekk siste ordet blant alle som heldt appell. Ei rekkje organisasjonar, politiske parti og kyrkjelydar tok del i demonstrasjonen.

– Er i livsfare

Frank Håvik er overtydd om at den afghanske familien på fem, som 23. februar blei henta av politiet frå Nytt liv Sunnhordland sine lokale på Fitjar, vil bli drepne ved ein retur til Afghanistan. 16. mars avgjorde Borgarting lagmannsrett at familien ikkje får bli i Norge til ankesaka om opphald er avgjort.

– Me kjem til å komma med nye opplysningar og be UNE om å gjenopna saka. Dette går på tryggleiken. Eg er overtydd om at dei er i livsfare ved retur, seier Håvik til Sunnhordland søndag ettermiddag.

– Eit anna poeng er at det ikkje er tvil om at dei er konvertittar, sjølv om det ikkje passar med statistikkane til UNE. Me har hundre namn på folk som kjenner familien, og som seier at dei faktisk er konvertittar, legg Håvik til.

Har det bra

Familien er framleis i Hønefoss kirke, der dei søkte tilflukt og kyrkjeasyl 20. mars.

– Familien har det rimeleg bra. Så godt som dei kan ha det under desse omstenda. Folket i Hønefoss kirke har gjort ein fantastisk jobb for familien, seier Håvik.

Avslaget frå lagmannsretten i mars betyr at familien no kan bli sendt ut av Norge sjølv om det ikkje ligg noko rettskraftig dom i deira sak mot staten.

– Eg gir ikkje opp denne saka. Det er eg altfor sta til. No er det nytt håp om at familien skal sleppa å returnera til Afghanistan, seier Frank Håvik.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut