annonse

Heider til fem lokale entusiastar

FEKK HEIDERSMERKE
FEKK HEIDERSMERKE: Bjørn Helle (f.v.), Toralv Røen, Marie Aasheim, Kjell Aasheim og Svein Birkeland i Stord-Fitjar Turlag fekk utdelt heidersmerke av styreleiar Tore Johan Smidt i Bergen og Hordaland Turlag. (Foto: ANDRÈ MARTON PEDERSEN)
Heidersknapp
Heidersknapp: DNT delte ut heidersknapp til ti medlemmer i Bergen og Hordaland Turlag som har utført ein betydeleg innsats for sitt turlag i minimum ti år. (Foto: ANDRÈ MARTON PEDERSEN)

Fem medlemmer i Stord-Fitjar turlag vart tildelt heidersmerke under Bergen og Hordaland turlag sitt årsmøte i Bergen.

Henrik Mundal Andreassen

Onsdag 11. april blei fem lokale turheltar i Stord-Fitjar turlag kalla opp på podiet under moderturlaget sitt årsmøte.

Saman med fem andre turlagsfolk, vart dei «heidra for sin betydelege innsats over minst ti år» og vart tildelt kvar sin DNT-heidersknapp av styreleiar Tore Johan Smidt i Bergen og Hordaland turlag.

DNT har lagt vekt på at medlemmene har representert turlaget på ein verdig og positiv måte. I grunngjevinga står det mellom anna om dei enkelte personane at; Bjørn Helle er ein veldig god dugnadsmann som alltid stiller opp. Turleiar og dugnadsmann Toralv Røen har gjort ein kjempejobb med merking i Fitjarfjellet og er blant dei som har stilt opp mest på dugnad.

Heidersknapp
Heidersknapp: DNT delte ut heidersknapp til ti medlemmer i Bergen og Hordaland Turlag som har utført ein betydeleg innsats for sitt turlag i minimum ti år. Foto: ANDRÈ MARTON PEDERSEN

Turleiar og styremedlem i seniorgruppa, Marie Aasheim, er alltid blid og imøtekommande og stiller alltid opp på dugnad. Kaffikokar og byggjekyndig Kjell Aasheim er ein sentral aktør i seniorgruppa og har ført all statistikk og halde orden i ti år. Og at leiar i tur- og dugnadsgruppa sidan 2010 og nestleiar i styret i Stord-Fitjar turlag, Svein Birkeland, er ein umåteleg positiv, velvillig, blid og kjekk kar å samarbeida med.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut