annonse

Henta heim internasjonal pris

Flott design
Flott design: Salt Ship Design, Maersk Supply Service og byggjeverftet Kleven AS vann internasjonal designpris for dette skipet, «Maersk Master». (Foto: Presse)

Salt Ship Design vann gjæv designpris for andre gong.

Magne Kydland

– Me er glade for å kunne annonsere at vårt design SALT 200 AHTS «Maersk Master» for Maersk Supply Service onsdag kveld har vunne den prestisjefylte OSV-award i London. I sterk konkurranse med andre design, blei Salt Ship Design, eigar Maersk Supply Service og byggjeverftet Kleven AS utropt som vinnarar, skriv Gunny Sandvik i Salt Ship Design i ei melding til Sunnhordland.

«Maersk Master» er den første i ein serie på seks like AHTS-fartøy, designa av Stord-verksemda for Maersk, der tre er leverte og dei tre siste skal leverast utover i 2018.

Dette er andre gong eit Salt-designet fartøy blir kåra til «OSV of the Year». Det aller første Salt-designa fartøyet, «Juanita» Salt100 PSV, vann i 2015.

Les også: Denne fiskebåten går på straum og gass

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut