annonse

Her er politiet sine råd

Lureri
Lureri: Fleire bedrifter i politidistriktet er utsett for svindel. Politiet går difor ut med generelle råd. (Foto: Colourbox / illustrasjon)
Politiet sine generelle råd:

Politiet går igjen ut og åtvarar mot svindlarar.

Vidar Hope

I starten av juni gjekk Sørvest politidistrikt ut og åtvara mot såkalla «direktørsvindel». Dei to siste vekene ser politiet ei ny bølgje av slike forsøk. Seksjonsleiar for finansiell etterforsking i Sørvest politidistrikt, Sturle Smith, ønskjer å åtvara andre bedrifter for å hindra at fleire blir utsett for svindel.

«Svindelen går ut på at bedragarar sender epost til bedrifter og utgir seg for å vera leiarar i bedrifta og ber éin eller fleire tilsette om å gjennomføra utbetalingar. Betalingsoppmodinga kan tilsynelatande komma frå toppsjefer i bedrifta. Det er i sakene som er avdekt så langt snakk om til dels store pengebeløp. Nokre gonger har bedrifta sjølv greidd å hindra utbetaling, men det er diverre fleire som har utbetalt pengar», skriv Smith.

Han forklarar at det kan vera vanskeleg å finna dei ansvarlege i slike svindelsaker.

«Politiet etterforskar sakene. Som regel vert pengane ført ut av landet, og det har vist seg svært vanskeleg å følgja dei elektroniske spora. For å stansa dette, er bedriftane sine eigne sikkerheitsrutinar og årvakenheit det viktigaste mottiltaket», skriv Smith.

For å førebyggja tilrår Smith å googla SWIFT-kode og IBAN-nummer som følgjer med betalingsoppmodinga.

«Dette indikerer kor betalinga går, og banken som tek imot pengane kan avslørast. Etterforsking har vist at viss ein ser det er ein britisk bank eller ein austeuropeisk bank som står som mottakar, bør det ringja ei bjelle hos den som har teke imot betalingsoppmodinga, seier seksjonslederen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut