annonse

Her flyg jagarflyet over Biltema

JAGARFLYET KJEM
JAGARFLYET KJEM: Folk i kø speidar og vinkar etter Biltema sitt Mustang P51D jagarfly som kom på flygetur frå Sola. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FLYSHOW
FLYSHOW: Spitfire-jagarflyet brølte over Biltema-bygget og showet varte i om lag fem minutt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
ENORM FART
ENORM FART: Jagarflyet sikta seg inn mot Stokken for å tanka opp, før det sikta seg inn mot seinare oppvisning over Heiane denne laurdagen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
LESTE OPP DIKTET
LESTE OPP DIKTET: Arne Torget sitt dikt frå i august «Kjære Fylkesmann – la menn vera menn og la Biltema leva!» vart laga av Torget i august medan framtida til Biltema på Stord var uviss, og har blitt brukt av Biltema i marknadsføringa si i etterkant av etableringa på Heiane Vest. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GRATULERTE MED DAGEN
GRATULERTE MED DAGEN: Stordordførar Gaute Epland gratulerte Biltema og stordabuen med dagen, etter ei lang tid med uvisse knytt til etableringa. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FULLT I FOLK
FULLT I FOLK: Lange køar med folk stod langs Biltema-bygget, og venta på å komma seg inn på opningsdagen. Pølseservering var det også utanfor den nyetablerte butikken. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
TOK TUREN
TOK TUREN: Vegard Thorland Aasheim (4) og pappa Mats Vegard Aasheim hadde med seg høyrslevern og godt humør på opningsdagen til Biltema. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FØRSTE MANN
FØRSTE MANN: Først i køen og blant dei første til å sikra seg tilbodsvarer var Sigurd Wiersen (t.v.) og Jim Robin Dahl. Dei sikra seg både hundeseng og støvsugar med Biltema-gåvekortet dei hadde fått gratis i forkant av opninga. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GLADE KARAR
GLADE KARAR: Magne Jostein Mikkelson (t.v.) og Kurt Arne Tyse i Fronta er glade for at Biltema endeleg fekk etablert seg på Heiane. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GLEDESRUS
GLEDESRUS: Dei tilsette på Biltema strålte på opningsdagen som dei har venta på. F.v. Cathrine Sagvåg Borge, Biltema Norge-sjef Dag Bergby, Ingvild Tolås, og Malene Mikkelson. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
OVERSIKTLEG
OVERSIKTLEG: Den nye Biltema-butikken på Heiane Vest er på heile 3700 kvadratmeter, mot den gamle Biltema-butikken på Heiane sine 1100 kvadratmeter. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SMIL PÅ SMIL
SMIL PÅ SMIL: Anita Olsen (i midten) og Emma Anita Andersen handlar hos Marita Lidal. – Endeleg opna dei den nye butikken, seier Anita Olsen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

+ 300 fekk med seg den storstilte Biltema-opninga på Heiane Vest.

Henrik Mundal Andreassen

– Det er tøft å sjå på flyet, seier Vegard Thorland Aasheim (4) medan han og faren kikar på Spitfire-jagarflyet som susar forbi Biltema-butikken laurdags morgon.

Heftig butikkopning

Saman med pappa Mats Vegard Aasheim og om lag 300 andre hadde dei møtt opp for å få med seg Biltema-opninga.

For etter mange månader med debatt og forhandlingar mellom utbyggjar, kommune, fylkesmann, lokalpolitikarar, og stortingspolitikarar om korvidt Biltema hadde lov etter reguleringsplanen for Heiane Vest, om å etablera seg her, kom endeleg klarsignalet i september;

Kommunal og moderneringsminister Monica Mæland (H) sette ned foten, og departementet avgjorde at Biltema fekk lov til å etablera seg, for å hindra handelslekkasje til andre regionar, og for å sikra arbeidsplassar på Stord.

TOK TUREN
TOK TUREN: Vegard Thorland Aasheim (4) og pappa Mats Vegard Aasheim hadde med seg høyrslevern og godt humør på opningsdagen til Biltema. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Laurdag vart det difor storstilt opning på Heiane Vest, med pølser, gratis gåvekort, og flyshow med Biltema sitt eige jagarfly, som hadde teke turen frå Sola for å kasta glans over opninga.

– Me er her for å sjå flyet, og på opninga. Det er ein skikkeleg stor butikk, seier Mats Vegard Aasheim.

FØRSTE MANN
FØRSTE MANN: Først i køen og blant dei første til å sikra seg tilbodsvarer var Sigurd Wiersen (t.v.) og Jim Robin Dahl. Dei sikra seg både hundeseng og støvsugar med Biltema-gåvekortet dei hadde fått gratis i forkant av opninga. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Diktopplesing

Arne Torget leste opp diktet «Kjære Fylkesmann – la menn vera menn og la Biltema leva!» som gjekk sin sigersgang i sosiale media, etter at Torget skreiv det i august medan framtida til Biltema på Stord enno var uviss.

Stordordførar Gaute Epland gratulerte også med dagen, og klypte snora for den reetablerte butikken, som er over tre gonger så stor som den gamle Biltema-butikken som før var på andre sida av E39 på Heiane.

Berre få minutt etter snorklippen kjem folk gåande ut av butikken med tilbodsvarer i nevane, og blant dei er førstemann i køen Jim Robin Dahl og Sigurd Wiersen.

– Eg kjøpte meg ein støvsugar med gåvekortet me fekk, seier Dahl.

– Hunden min fekk seg ei hundeseng, veldig kjekt at dei får ein så stor butikk på Heiane, seier Sigurd Wiersen.

GLEDESRUS
GLEDESRUS: Dei tilsette på Biltema strålte på opningsdagen som dei har venta på. F.v. Cathrine Sagvåg Borge, Biltema Norge-sjef Dag Bergby, Ingvild Tolås, og Malene Mikkelson. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Tre gonger så stor

Inne i butikken treff me på fleire glade tilsette. Før var dei 11, no er dei 22, og dei siste dagane har heile 80 personar frå Biltema vore i sving i den nærare 4000 kvadratmeter store butikken. Den gamle var på 1100 kvadratmeter.

– Det var jaggu meg på tide, hadde det ikkje vore for opninga i dag, så hadde folk måtte handla i Haugesund i staden for på Stord, seier Biltema-tilsett Ingvild Tolås.

– Me må berre takka alle som har støtta oss, alt frå politikarar og andre lokale krefter, til utbyggjar Fronta på Stord som har hatt ryggen vår heile tida, seier Biltema Norge-sjef Dag Bergby.

– Heilt fantastisk, alt er topp. For eit opplegg, med flyshow og diktopplesing av Arne Torget. Det har aldri vore så mange på ei Biltema-opning før faktisk, seier Magne Jostein Mikkelson i Fronta.

Sjå video av flyshowet i botn av saka!


Les også: Her fyller dei hyllene med nye varer

 

 
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut