annonse

Her fyrer Harshad (22) og venene i gang The Clash for statsministeren

Rocka
Rocka: Harshad Sævik og venene på avdeling for meistring og utvikling underheldt statsminister Erna Solberg onsdag morgon. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Rocka stemning då Erna Solberg møtte opp på Stord vgs.

Vidar Hope

Tidlegare i vår hadde elevane på avdelinga for meistring og utvikling på Stord vgs. stor suksess med kjenslefylt fengselsblues. I ein fullsett konsertsal på Saghaugen fekk dei 32 på scenen fram både tårer og breie smil tidleg i april.

Det var difor naturleg at statsminister Erna Solberg skulle få ein smakebit frå suksessen då ho vitja avdelinga onsdag morgon. Harshad Sævik var hovudvokalist på ein energisk versjon av The Clash-songen «I fought the law». Han fekk med seg statsministeren til å klappa takta.

Les også: Erna trur på 100 nye år for industrien på Stord

Resultatet ser du her:

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut