annonse

Her kan kommunen slå to fluger i éin smekk

Taxi og toalett
Taxi og toalett: Her foreslår rådmannen at det kan etablerast ein kombinasjon av drosjehaldeplass og offentleg toalett. (Foto: Magnhild Steinsland / arkiv)

Det er lenge sidan post i butikk blei vanleg. No kan Leirvik få toalett i terminal.

Anders Totland

På bestilling frå politikarane har administrasjonen i Stord kommune laga ein 10 siders rapport om korleis stoda er for trengjande i sentrum. Etter å ha vurdert dei ulike fasilitetane i Leirvik, er rådmannen sin konklusjon at ei gjenopning av det gamle venterommet på baksida av Grand hotell kan vera ei god ordning for å utvida toalett-tilbodet – gjerne i kombinasjon med ein ny drosjeterminal.

Det er kommunen som eig lokala, der det i dag blir selt kebab gjennom ei luke, medan sjølve venterommet er stengt. Ifølgje rådmannen har drosjenæringa fått melding om at dei må flytta frå plassane ved Nattrutekaien, og det har blitt ytra ønskje om å etablera drosjehaldeplass i terminalbygget.

– Om det er aktuelt å kombinera drosjehaldeplass og offentleg toalett, må drøftast med drosjenæringa, skriv rådmannen.

God dekning på dagtid

Forstudierapporten viser elles at det i hovudsak er på nattetid det i dag er størst utfordringar knytt til toalett-verksemd i sentrum. Både i kulturhuset og i snøggbåtterminalen er det offentlege toalett, som stort sett er opne, og rådmannen viser til at det òg er tilbod om toalett på kjøpesenter og serveringsstader. Rådmannen vurderer difor at det er god toalettdekning på dagtid.

– Utfordringa ligg i offentlege toalettanlegg på kveldstid etter klokka 23 og fram til klokka 3-4, skriv rådmannen.

Nærmare to millionar kroner

Dersom politikarane ikkje finn ei akseptabel løysing med venterommet, men framleis ønskjer eit nytt, offentleg toalett i sentrum, meiner administrasjonen det vil kosta nærmare to millionar kroner å byggja nytt.

– Bygging av nytt toalettanlegg i Leirvik sentrum krev ein større prosess med val av plassering av anlegg, investerings- og driftskostnader. Bygging av nytt toalettanlegg i Leirvik sentrum vil anslagsvis kosta 1,5-2,0 millionar kroner, og frå 100.000-200.000 kroner i årlege driftskostnader, skriv rådmannen.

Saka skal opp i komite for næring, miljø og kultur neste veke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut