annonse

Her køyrer den sakna stordabuen

Sørover
Sørover: Båten med mannen i 50-åra blei tilfeldigvis fotografert ved gjennom Granesundet i Askvoll. (Foto: TROND ASPERHEIM)

Hilde Vormedal Nybø Vidar Hope

Ein hobbyfotograf tok bilete av båten til den sakna stordabuen i 50-åra.

Dermed er politiet heilt sikre på at mannen er på veg sørover.

– Det var heilt tilfeldig at eg kom over båten. Eg hadde sett at han var etterlyst og kjende han att. Då tok eg kontakt med politiet, seier Trond Asperheim til Sunnhordland.

Familien på Stord: – Håpar han har søkt ly

Han tok bileta av båten mellom klokka 13.30 og 15 torsdag sist veke. Han er glad for at biletet nok spreier seg på nett, og håpar at båten og eigaren kjem heim.

Mellom Stord og Bergen

Politiet har også to likelydande observasjonar av båten i nærleiken av Sotrabrua søndag.

– Me har enn så lenge ikkje fått tips om observasjonar av båten mellom Bergen og Stord. Dette er me veldig interessert i. Folk må ikkje vera redde for å ringa med opplysningar, seier politiførstebetjent Trond Atle Sjøvoll ved Stord lensmannskontor.

Bakgrunn: Stordabu i slutten av 50-åra sakna på sjøen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut