annonse

Her slåst ungdommar utanfor skulen på Stord

AVTALT KAMP
AVTALT KAMP: Ein sein kveld seint i oktober slåst to gutar utanfor Stord ungdomsskule. Nærare 30 personar følgde slåstkampen på kloss hald. (Foto: PRIVAT)
SLÅST:
SLÅST: Mange står og ser på slåstkampane. Førre fredag avverga politiet tre slåstkampar. Då hadde nærare hundre møtt opp for å sjå på. (Foto: PRIVAT)
UROA:
UROA: Politikontakt Nils Blikra og SLT-koordinator Bjarte Epland likar ikkje den nye trenden. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

To gutar dengjer laus på kvarandre utanfor Stord ungdomsskule. Nærare 30 følgjer nevekampen på kloss hald. Dei heiar, filmar og spreier det heile på nettet.

Marius Knutsen

Den siste tida har Sør-Vest politidistrikt registrert ein kraftig auke i planlagde slåstkampar blant ungdommar i distriktet.

På Stord har det vore to hendingar dei siste vekene.

– Heilt i slutten av oktober kjenner me til ein slåstkamp utanfor Stord ungdomsskule. Her slåst to gutar, medan nærare 30 stod og såg på, seier Nils Blikra, politikontakt ved Stord lensmannskontor.

LES OGSÅ: Høyrde rykte om planlagt slåstkamp

100 møtte opp

Førre fredag fekk politiet på Stord inn endå eit tips. Seks forskjellige gutar hadde planlagd tre ulike slåstkampar på Vikahaugane.

– Politiet rykte ut og fann ungdommane utanfor Stord ungdomsskule, fortel Blikra. Då politiet kom til staden, stakk ungdommane av.

– Seinare dukka dei opp først ved Stord vidaregåande skule på Vabakkjen, seinare ved Leirvik skule. Nærare hundre ungdommar møtte opp for å få med seg slåstkampane, seier Bjarte Epland, SLT-koordinator i Stord kommune.

Heldigvis klarte politiet å avverja desse slåstkampane.

– Etter det me kjenner til, løyste det seg opp utan slåstkamp, seier Epland.

UROA:
UROA:: Politikontakt Nils Blikra og SLT-koordinator Bjarte Epland likar ikkje den nye trenden. Foto: MARIUS KNUTSEN

Gjer tiltak

Politiet, skulane og SLT-koordinatoren ser alvorleg på den nye trenden, og gjer no det dei kan for å stoppa han. I desse dagar kjem rektor ved Stord ungdomsskule, Anne Sissel Mugaas, til å kalla inn til eit felles foreldremøte. Politiet har allereie sendt ut eit skriv med info til skulane i distriktet.

– Me kjenner til at det har vore ein slåstkamp ein sein kveld utanfor skulen, og at det ligg ein film på nettet som viser slåstkampen. Eg synest det er viktig at føresette kjenner til desse trendane, slik at dei kan snakka med ungdommane sine. Spørja kor og kva dei skal og kven dei skal vera med. Me kjem også til å kalla inn til eit foreldremøte, seier Mugaas.

Kan få følgjer

I samband med dei to slåstkampane på Stord, har slåstkjempene stilt til start med boksehanskar.

– Dei som ikkje har, har fått lånt seg hanskar, seier Bjarte Epland. Sjølv med boksehanskar på, kan slåstkampen få fatale følgjer, meiner Blikra.

– Sjølv om det kanskje verkar som ein kontrollert slåstkamp for dei som er med, er det ikkje det. Det skjer ikkje i ein boksering av trente boksarar, og det skjer på alle slags underlag. Det er heller ikkje medisinsk personell til stades. Skadepotensialet er enormt om eit slag sender ein person i asfalten med hovudet først, seier Blikra.

Slike slåstkampar kan også få følgjer for dei som ser på. 

SLÅST:
SLÅST:: Mange står og ser på slåstkampane. Førre fredag avverga politiet tre slåstkampar. Då hadde nærare hundre møtt opp for å sjå på. Foto: PRIVAT

– Dei som ser på er med på det heile. Det er jo ikkje sånn at dei står og roar ned gemytta. Dei heiar og håpar på eskalering. Medverknad er straffbart, held Blikra fram,

Dei håpar begge at ungdommar no skjerpar seg, og varslar politiet om dei høyrer om nye slåstkampar.

– Me veit det er kjekke ungdommar på øya. Om dei varslar politiet og vel å ikkje møta opp til slike slåstkampar, blir det heller ikkje noko av dei, understrekar Epland.

Valdsforskar: – Dei får status og fryktbasert respekt

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut