annonse

Ho er årets hordalending

Vinnar
Vinnar: Hilde Reikrås ved Vest politidistrikt får heider for opprullinga av overgrepsnettverka i «Dark Room»-saka. Her tek ho imot prisen av fylkesordførar Anne Gine Hestetun. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

For andre året på rad fekk ein tilsett i politiet den gjæve prisen.

Vidar Hope

«Årets hordalanding 2017» er etterforskingsleiar Hilde Reikrås ved Vest politidistrikt for opprullinga av overgrepsnettverka i «Dark Room»-saka. Ho tok imot kåringa av fylkesordførar Anne Gine Hestetun på nyttårsmøtet i dag.

Prisen Årets hordalending skal løfta fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

Fylkesordføraren har leia juryarbeidet og overrekte prisen på 50.000 kroner og eit diplom.

– Hilde Reikrås har leia eit stort team etterforskarar i opprullinga av overgrepsnettverka i operasjon «Dark Room». Gjennom systematisk og samordna innsats, med nyskapande bruk av teknologi og etterforsking, har Vest politidistrikt synleggjort grove overgrep av barn på nett, med både lokale og globale forgreiningar. Etterforskinga har medført mange siktingar. Det er avdekka ein ny trend som uroar oss alle, der dei mest sårbare av oss er offer. Etterforskinga har medført merksemd på dette alvorlege temaet og synleggjort kor farleg kvardagen på internett kan vera for barna, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Kriteria for tildelinga er mellom anna at prisvinnaren må ha utmerka seg lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Personen må vera frå Hordaland eller bu i fylket. Ein person kan berre bli Årets hordalending éin gong.

Les også: Politi-varslar blei Årets hordalending i 2016

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut