annonse

Ho er ny leiar

Ny Ap-leiar
Ny Ap-leiar: Årsmøtet gjekk samrøystes inn for å gi Katrin Innvær Ankervold vervet som leiar i Stord Arbeidarparti. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)
Det nye styret i Stord Ap

Katrin Innvær Ankervold tek over styringa.

Vidar Hope

– Det var stort engasjement på Stord Arbeidarparti sitt årsmøte tysdag kveld. Mange gode forslag vart fremja. Vår eigen Magne Rommetveit informerte om arbeidet på Stortinget, både i presidentskapet og som meldem i kontroll- og konstitusjonskomiteen, skriv Henny Førland Berger i ei pressemelding frå Stord Ap.

– Det kom gode innspel frå salen, mest engasjement vakte forslaget om norsk tilknyting ACER. Det enda med eit samrøystes vedtak om å senda forslaget over til Hordaland Arbeidarparti og til Ap si stortingsgruppe, held ho fram.

I alt 18 forslag vart behandla og sendt vidare til Hordaland Arbeidarparti/kommunestyregruppa eller styret, blant anna norsk tilknytning til ACER og uttale Hordfast-saka.

Årsmøtet slutta seg samrøystes til innstillinga frå valnemnda, der nytt styre blei valt (sjå faktaboks.

Om norsk tilknytning til ACER, har partiet beslutta følgjande:

«Stord Arbeidarparti ber Ap si stortingsgruppe reservera Norge mot suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER. ACER har som formål å laga eit felles europeisk nett for både gass og straum, der ein ikkje tek nasjonale omsyn. Mens dagens samarbeid er rådgjevande, skal ACER fatta bindande fleirtalsvedtak. Konkret vert det foreslått at ACER skal vedta reglane for kva tid straumen skal flyta den eine eller andre vegen gjennom eksportkablane. I Norge er den kraftforedlande prosessindustrien ein nøkkelindustri i mange lokalsamfunn. Det er all grunn til å frykta at Norge vil mista ein svært viktig konkurransefordel om store delar av all norsk kraftproduksjon vert eksportert.

Stord Ap ønskjer å sikra nasjonal kontroll over energipolitikken, også for slektene som kjem etter oss.»

Lokalpartiet har også uttale om E39:

Ferjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet for Stord og Vestlandet. Prosjektet vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen vår. Stord Ap vil komma med følgjande uttale til det vidare arbeidet med prosjektet:

* Stord Ap meiner at prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) bør realiserast så raskt som råd. Det bør jobbast for byggjestart i første NTP-periode.

* Stord Ap meiner at sørleg kryssing over Langenuen er det beste alternativet for Stord og sunnhordlandsregionen, og vil leggja til rette for eit framtidig fastlandssamband mot Kvinnherad og ein diagonal frå E134 mot Bergen.

* Stord Ap er uroa over at strekninga Heiane-Ådland/Nordre Tveita ikkje ligg inne i NTP. Stord Ap meiner det bør jobbast for å få planmidlar til detaljregulering av strekninga. I detaljreguleringsprosessen bør det leggjast vekt på å finna ei traséløysing som i størst mogleg grad ivaretek Landåsen.

* Stord Ap meiner at det i så stor grad som mogleg bør takast omsyn til lokale partar og verdiar som vert berørt av prosjektet. For Stord sitt vedkommande vil me i tillegg til Landåsen særskilt peika på Valvatna-feltet, Nordre Tveita (Hestesportssenteret), busetnaden på vestsida av dagens E39 ved Grov, og ved Mehammer om midtre kryssing over Langenuen vert valt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut