annonse

Ho vil bli neste ordførar på Bømlo

Ordførarkandidat
Ordførarkandidat: Ragnfrid Sønstabø har fått jobben med å kjempa om ordførarvervet for Høgre i Bømlo kommune. Her saman med dåverande rådmann Sverre Olav Svarstad, som i dag er aktiv Høgre-politikar på Stord, tilbake i 2008. (Foto: Randi Olsen)

Bømlo Høgre har samrøystes innstilt Ragnfrid Sønstabø (50) som partiet sin ordførarkandidat til kommunevalet neste år.

Vidar Hope

– Nominasjonskomiteen er svært glad for at Ragnfrid har takka ja til denne utfordringa, ho vil utvilsamt bli ein svært god ordførar for alle – i heile Bømlo, skriv Øyvind Halleraker, leiar i nominasjonskomiteen, i ei pressemelding.

Sønstabø driv i dag handelsverksemd på Espevær, i tillegg til at ho har fleire jern i elden.

– Ho er ei av desse som tilsynelatande får tid til alt, og alltid med godt humør og ein hyggeleg kommentar, skriv Halleraker.

Sønstabø har 12 års fartstid frå kommunestyret, der åtte år var i formannskapet. Ho var Høgre sin gruppeleiar og hadde også ein kort periode som varaordførar.

– Ragnfrid er svært motivert og gler seg til å få lov til å vera med å utvikla Bømlo vidare, saman med gode kollegaer i dei ulike politiske partia i kommunen. Ho er oppteken av samarbeid, og har tru på at det er slik ein får dei beste løysingane, til det beste for kommunen vår, skriv Halleraker.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut