annonse

Høgsesong for påkøyrsel

Kollisjon
Kollisjon: Kvinnherad kjem høgt på lista over viltpåkøyrsel i Hordaland. (Foto: Tom Fredrik Hess / Gjensidige)
Viltpåkøyrsel i Hordaland

Frå oktober aukar sjansen for vilpåkøyrsel i Hordaland.

Vidar Hope

Fjerde kvartal av året dei siste fem åra har ført til 450 registrerte kollisjonar med dyr, som igjen har ført til skadar for 12 millionar kroner, melder forsikringsselskapet Gjensidige.

I Hordaland er det Bergen, Kvinnherad og Voss som toppar listene (sjå eigen faktaboks).

– Oktober er starten på høgsesongen for viltkollisjonar rundt om i landet. Talet på kollisjoner går markant opp i dei aller fleste fylke, seier Jan Fleinsjø, bilekspert og rådgiver i Gjensidige, i ei pressemelding.

Video: Hjortane jakta på Tess i ein time

Mørke kveldar, sesongtrekk frå sommar- til vinterbeite og haustjakta er nokre forklaringar på kvifor det er spesielt mange viltpåkøyslar om hausten.

Samanstøyt med store dyr som elg og hjort fører ofte til alvorlege personskadar og store materielle skadar, spesielt når farten er over 80 kilometer i timen. Høg fart gjer det også vanskelegare å oppdaga og reagera i tide på dyr som er på veg inn i vegbanen.

– Demp farten spesielt i grålysinga, i skumringa og ved fullmåne, tilrår Fleinsjø.

Les også: Dag (35) frå Stord skaut hjort på si første jakt

Han legg til at skadde dyr ofte vil prøva å gøyma seg, og er vanskeleg å finna.

– Dei kan bli liggjande i dagevis og lida ein smertefull død. Du har plikt til å melda frå om påkøyrsel av dyr, anten det er husdyr eller vilt. Å etterlata skadde dyr er straffbart.

Fleinsjå ber trafikantar om å merka staden der ein køyrer på dyret, slik at det blir enkelt å starta søk. Og så skal ein kontakta politiet, som igjen vil få med viltnema.

– Du risikerer verken bonustap eller treng å betala eigenandel på forsikringa ved dyrepåkøyrsel, seier Fleinsjø.

Les også: Vil skyta ungdyr for å få ned konfliktnivået

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut