annonse

Hydro doblar på Husnes

Blir oppgradert
Blir oppgradert: Hydro Husnes produserer i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis. Med gjenopninga vil aluminiumverket produsere rundt 190.000 tonn aluminium i året. Arkivfoto (Foto: )

Hydro investerer 1,3 milliardar kroner og doblar produksjonen på Husnes.

Magne Kydland

– Hydro har gjort eit investeringsvedtak om å oppgradere og starte opp den andre produksjonslina på Husnes. Med begge produksjonsliner i drift vil Husnes doble produksjonen av primæraluminium, skriv selskapet i ei pressemelding torsdag morgon.

Oppstarten av den stengde lina vil skje ved bruk av nye teknologielement, noko som vil gje betre yting enn den gamle lina, som vart stengt i 2009. Det er forventa at lina vil starte produksjonen første halvår 2020 og skape 90 nye arbeidsplassar på Husnes.

– Me har tru på framleis aluminiumproduksjon i Norge. Me legg til nye teknologielement i denne oppstarten, og med det byggjer me eit robust og framtidsretta verk på Husnes. For Husnes betyr dette auka lønsemd, lågare energiforbruk og fleire arbeidsplassar, seier konserndirektør og leiar for primærmetall i Hydro, Hilde Merete Aasheim, i pressemeldinga.

Hydro Husnes produserer i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis. Med gjenopninga vil aluminiumverket produsere rundt 190.000 tonn aluminium i året.

– For å halda driftskostnadene nede i perioden sidan 2009 har me brukt utstyr og komponentar frå den stengde lina til drift og vedlikehald i den produserande lina. Dette gjer at me må oppgradere den stengde lina før me startar, seier Aasheim.

Forventa investeringskostnad for oppgradering og oppstart er 1,3 milliardar kroner. Endeleg byggjevedtak er forventa i tredje kvartal 2018.

Husnes har i dag 245 tilsette, og blei eit heileigd Hydro-selskap 1. november 2014.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut