annonse

«Hydrogen» er framtidas ferje

Design
Design: Ove Wilhelmsen (i midten) jobbar for fullt med framtidas ferjer. Her saman med kollegaene Kjetil Hjelle (f.v.) og Kjell Angeltveit. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)
«Hydrogen»
«Hydrogen»: Boreal har reservert skipsnamnet «Hydrogen», og ser fram til ein spennande prosess fram mot tildelinga av det aktuelle sambandet. (Foto: Wärtsilä Ship Design / illustrasjon)

Boreal Sjø og Wärtsilä Ship Design har inngått ein samarbeidsavtale om å utvikla ei hydrogendriven ferje til sambandet Hjelmeland-Skipavik-Nesvik.

Vidar Hope

Ferjesambandet blir den aller første i verda der fartøyet skal nytta hydrogen som drivstoff.

I statsbudsjettet har Statens vegvesen fått i oppdrag å lysa ut ein utviklingskontrakt for ei hydrogendrive ferje, som skal setjast i drift i 2021. Ferjesambandet vil bli operert av to ferjer, der den eine skal vera full-elektrisk, og den andre hybrid hydrogen-elektrisk med 50 prosent av fremdrifta frå hydrogen, melder Wärtsilä.

Boreal har reservert skipsnamnet «Hydrogen», og ser fram til ein spennande prosess fram mot tildelinga av det aktuelle sambandet. Den nye ferja blir det første fartøyet i sin storleik nokosinne som skal drivast av hydrogen i kommersiell drift, og ein milepåle for transportløysingar med energi frå hydrogen.

Boreal har vore gjennom prekvalifisering for konkurransen, og er no saman med Wärtsilä i dialogfasen med Statens vegvesen, og arbeider i desse dagar for å ferdigstilla det endelege konseptet. Innleveringsfrist for ferdige løysingar og tilbod til Statens vegvesen er august 2018, melder selskapet.

– Hydrogenferjer kan vera ei viktig løysing for å møta krava til låg- og nullutsleppsteknologi i framtida, og Boreal ønskjer å vera med på å videreutvikla denne type løysingar, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal i ei pressemelding.

«Hydrogen»
«Hydrogen»: Boreal har reservert skipsnamnet «Hydrogen», og ser fram til ein spennande prosess fram mot tildelinga av det aktuelle sambandet. Foto: Wärtsilä Ship Design / illustrasjon

Leiar for hydrogenferje-prosjektet i Boreal er Ivan Fossan, éin av nøkkelpersonane i utviklinga av den første elektriske ferja «Ampere».

Wärtsilä Ship Design har lang erfaring med løysingar for gasshandtering gjennom sine mange design av skip med LNG-drift. Selskapet har også vore med på ei rekkje relevante innovasjons- og utviklingsprosjekt, og er vant til eit tett samarbeid med klasseselskap og sjøfartsmynde på områder der det enno ikkje finst ferdigutvikla reglar og retningslinjer, melder Wärtsilä.

Om arbeidet som no pågår seier dagleg leiar, Ove Wilhelmsen, i Wärtsilä Ship Design:

– Kjernen i arbeidet med løysinga for ei ny hydrogenferje er i hovudsak knytt til logistikk og bunkring av hydrogen, lagringsmetode og utviklinga av sikre systemløysingar som kombinerer energilagring og brenselceller opp mot skipet sine øvrige system.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut