annonse

Hystad-elevar får vera med på profesjonell opera

Ny versjon
Ny versjon: Bergen Nasjonale Opera har laga ny versjon av Humperdincks opera frå 1893. (Foto: Bergen Nasjonale Opera/MONIKA KOLSTAD)
HEKS
HEKS: Ingunn Kilen spelar heksa som tek Hans og Grete. (Foto: Bergen Nasjonale Opera/MONIKA KOLSTAD)
DAMA
DAMA: «Hans og Grete» er full av drama og trolldom. (Foto: Bergen Nasjonale Opera/MONIKA KOLSTAD)
Desse medverkar i produksjonen:

Bergen Nasjonale Opera har med seg elevar frå Hystad skule når dei inviterer til «Hans og Grete» i kulturhuset 2. november.

Elevar frå 7. klasse på Hystad skule står på scenen saman med profesjonelle songarar i den nye framsyninga som er ute på vestlandsturne.

– Det er spanande at skulebarn medverkar på kvart av dei åtte spelestadene til Bergen Nasjonale Opera si nye framsyning, «Hans og Grete». Elevane deltek samen med profesjonelle songarar i ei svært underhaldande førestilling full av skumle overraskingar, seier operasjef Mary Miller i ei pressemelding.

Hans og Grete

Den velkjente historia om Hans og Grete, frå brørne Grimm si samling, er full av dramatikk og trolldom. Humperdincks opera frå 1893 baserer seg på same eventyr og er ein av verdas mest spelte barneoperaer.

Bergen Nasjonale Opera har laga ein ny og fantasifull versjon iscenesett av den engelske regissøren James Bonas.

«Hans og Grete» reiser på turné til åtte kulturhus på Vestlandet; Os, Førde, Nesttun, Voss, Sola, Husnes, Bryne og Stord i eit samarbeid mellom Bergen Nasjonale Opera og Kulturhusnettverket på Vestlandet.

Skuleprosjekt

– Når me fekk førespurnaden tenkte eg først: Vil dei dette? Men det viste seg at det var stor interesse, seier Liv Skjønberg, rektor ved Hystad skule til Sunnhordland.

Ho fortel at dei har hatt besøk frå Bergen Nasjonale Opera som har øvd med borna, og dei har fått songar som dei skal øva vidare på.

– Elevane var veldig konsentrerte, og syntest dette her er spanande. Opera er jo ikkje eit kulturuttrykk som dei møter i det daglege, seier Skjønberg.

«Hans og Grete» høver for vaksne som tør og barn over 8 år. «Hans og Grete» skal vidare til Husnes der det er framsyning 3. november.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut