annonse

Hytte brann til grunnen

Politiet har framleis ikkje fått kontakt med eigaren av hytta som brann til grunnen i morgontimane.

foto/arkiv
Brann: Politiet har framleis ikkje fått kontakt med eigaren av hytta som brann til grunnen i morgontimane. foto/arkiv: (Foto: )

Politiet har fått kontakt med eigaren av hytta.

Hilde Vormedal Nybø

Ei hytte ved Vermedalsvatnet på Tysnes er brent til grunnen. Politiet visste i morgontimane ikkje om det var folk i hytta.
Hytta stod i full fyr i dag tidleg.

Politiet har ikkje fått kontakt med eigaren.

– Det står flammar ut av bygningen, sa operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt til NRK like etter.

– Me har førebels ikkje fått kontakt med eigaren. Det er uvisst om det var folk i bygget då det byrja å brenna. Det er ikkje noko som tyder på det, men Me kan ikkje slå fast noko, sa Bjarte Rebnord, operasjonsleiar ved Politiet Vest til NRK i 07-tida.

Klokka 08.30 hadde politiet fått kontakt med hytteeigaren.

– Me har no fått kontakt med eigarar. Så vidt han kjenner til så skal det ikkje vera folk som har brukt hytta siste døgeret. Det er dermed ikkje noko som tyder på at på at det var folk der, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Han fortel at brannen blei oppdaga av ein drosjesjåfør som melde ifrå til brannvesen og politi då klokka var 05.50.

– Då var hytta overtent. Den var nedbrent før patruljen kom til staden, seier Rebnord.

Han seier at dei ikkje veit noko om kva som er årsaka til brannen, og at ein no ventar til branntomta har kjøla seg ned før ein kan byrja med krimtekniske undersøkingar.

– Me har fått avklart at det var ingen i huset, seier lensmann Lorentz Lunde i Tysnes til avisa Tysnes.

Brann vart oppdaga av ein drosjesjåfør og ein bussjåfør om lag samstundes, og meldinga kom inn til naudetatane like før klokka seks.

– Brannvesenet kom først til staden, og då var bygget heilt overtent. Det var ikkje råd å berga huset, seier Lunde.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut