annonse

Hyttebrann har spreidd seg til lyngen

HELIKOPTER
HELIKOPTER: Brannvesenet vurderer no å be om bistand frå skogbrannhelikopter. Dei har også fått bistand frå Stord. (Foto: Ingvild Sjo/Bømlo-nytt)

Brannvesenet har tilkalla skogbrannhelikopter etter hyttebrann på Bømlo.

Olav Røli

Det var rett etter klokka 17 at brannvesenet fekk melding om ei hytte i full fyr på Bømlo, nærmare bestemt i Agasøstervegen.

I starten var vinden gunstig, og det blæs rett mot havet. Men i 18.15-tida snudde vinden i meir ugunstig vindretning.

– No har brannen spreidd seg til utmark, og det blæs ugunstig. Me har også kopla ut høgspenten i området, sidan det brenn under han, seier vaktleiar Christer Gilberg i 110-sentralen Sør Vest til Sunnhordland.

Dei har kalla inn brannmannskap frå Stord, og stasjonen på Mosterhamn, og dei vil også be om bistand frå eit skogbrannhelikopter. Det nærmaste står no i Sauda. Til saman er 6 brannbilar på staden, og det skal vera lite sløkkjevatn i området.

Sivilforsvaret er også beden om å hjelpa til.

Les også: Brannvesenet byrjar få kontroll

Politiet melder no at dei har starta evakuering av bebuarar frå området grunna brannen i lyngen. Dei melder også at ein skal ha kontroll på sjølve hyttebrannen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut