annonse

I dag kjem Castberg-plan

Nøgd
Nøgd: Statoil-topp Margareth Øvrum har tidlegare vore svært nøgd med det som Kværner har bygd for Statoil. Her er ho på Stord i samband med signering av Johan Sverdrup-kontrakten. I dag leverer Øvrum og Statoil plan for utbygging og drift av Johan Castberg, som blir det neste store prosjektet på norsk sokkel. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)
Johan Castberg
Johan Castberg: Investeringane på prosjektet er på rundt 50 milliardar kroner. Aker Solutions har alt sikra seg dei første kontraktane, verd fire mrd. kroner.
Håp
Håp: Johan Castberg er eitt av dei store prosjekta som Kværner kjempar om til neste år. På biletet adm, dir, Steinar Røgenes. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Statoil leverer i dag PUD (plan for utbygging og drift) for Johan Castberg-prosjektet på vegner av lisenspartnerskapet med Eni og Petoro. Det vert også tildelt fleire kontraktar.

Magne Kydland

– Dette er ein stor dag. Endeleg har me lukkast med å realisere Johan Castberg-utbygginga. Prosjektet blir sentralt i vidareutviklinga av nordområda, og vil skapa store verdiar og ringverknader for Norge, seier Margareth Øvrum, konserndirektør for Teknologi, prosjekt og boring i Statoil, i ei pressemelding.

Investeringskostnadene for Johan Castberg blir ca. 49 milliardar kroner. Forventa utvinnbare ressursar er kalkulert til 450–650 millionar fat oljeekvivalentar. Planlagt oppstart for feltet er 2022.

– Johan Castberg har bydd på utfordringar. Prosjektet var ikkje mogeleg å realisera på grunn av høge investeringskostnader på over 100 milliardar kroner, og berre lønsamt med oljeprisar over 80 dollar fatet. Me har jobba hardt saman med leverandørar og partnarar, endra konsept og tenkt nye løysingar for å kunne realisere utbygginga. I dag leverer me ein solid utbyggingsplan for eit felt med halverte investeringskostnader, og som vil vera lønsamt med oljeprisar i underkant av 35 dollar fatet, seier Øvrum.

Les også: Aasta Hansteen-dekket kom endeleg fram til Sunnhordland

Johan Castberg blir det sjette prosjektet som kjem i produksjon i Nord-Norge. Feltet vil vera ein viktig berebjelke i vidareutviklinga av olje- og gassindustrien i nord.

Johan Castberg
Johan Castberg: Investeringane på prosjektet er på rundt 50 milliardar kroner. Aker Solutions har alt sikra seg dei første kontraktane, verd fire mrd. kroner. Foto: -

– Det vil også bli bygd ut infrastruktur i eit nytt område på norsk sokkel. Av erfaring veit me at dette vil skape nye utbyggingsmogelegheiter, seier Arne Sigve Nylund, konserndirektør for norsk sokkel.

Johan Castberg skal ha forsynings- og helikopterbase i Hammerfest og driftsorganisasjon i Harstad. Investeringane ved å drifta feltet er på rundt 1,15 milliardar kroner årleg. Det vil utgjere rundt 1.700 årsverk nasjonalt, og rundt 500 vil vera i Nord-Norge.

– Johan Castberg vil produsera i over 30 år, og den lange produksjonsfasen vil skapa betydelege aktivitetar for norske leverandørselskap og gje ringverknader i Nord-Norge, seier Nylund.

Dagen starta med at Kjell Inge Røkke-eigde Aker Solutions fekk kontraktar verd fire milliardar kroner, for leveranse av subsea produksjonssystem og design av toppsiten av den flytande produksjonsinstallasjonen (FPSO).

Kværner er eitt av selskapa som kjempar om kontraktar til denne utbygginga, som blir det største offshore olje- og gassfeltet som vert vedteke utbygd i 2017.

Les også: Thomas (32) er klatrar i Nordsjøen

– Me seier, av konkurransemessige omsyn, aldri kva oppdrag me byr på, men det er sjølvsagt positivt for heile næringa at eit stort prosjekt som Johan Castberg blir sett i verk. Me har heile tida sagt at dette vert ein av dei største og viktigaste mogelegheitene for norsk industri på lang tid, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut