annonse

I dag vert Aasta Hansteen døypt

Dåp
Dåp: Det blir stor ståhei når Aasta Hansteen blir døypt i Digernessundet i ettermiddag. (Foto: Statoil)
Høg
Høg: Aasta Hansteen er 320 meter frå botn til topp. (Foto: Statoil )

Verdas største spar-plattform blir døypt på kvinnedagen. Det er ikkje tilfeldig.

Vidar Hope

Personen plattforma er kalla opp etter, Aasta Hansteen (1824-1908), var nemleg ein forkjempar for kvinnesaka.

– Aasta Hansteen har vore viktig for kvinnesaka i Norge, og det er kjekt at me får til ei dåpsmarkering av Aasta Hansteen-plattforma på kvinnedagen. Fleire kvinner vil vera sentrale i programmet og gudmora for Aasta Hansteen jobbar i prosjektet i Statoil, seier presseansvarleg for prosjekt og boring Eskil Eriksen i Statoil til Stavanger Aftenblad.

Les også: Anne (15) har plattform som nærmaste nabo

Høg
Høg: Aasta Hansteen er 320 meter frå botn til topp. Foto: Statoil

Understellet, som veg 46.000 tonn, blei bygd i Sør-Korea, og kom til sunnhordlandsbassenget i fjor sommar, etter ei reise på 14.400 nautiske mil. I desember var også plattformdekket på 24.000 tonn på plass i Digernessundet, og spar-plattforma var like høg som Eiffeltårnet etter samankopling. 320 meter frå topp til botn, og er dermed verdas største plattform av sitt slag (spar-plattform).

Produksjonsstart for Aasta Hansteen er siste kvartal i 2018.

Les også: Danske Poul (59) håpar å få arbeid offshore

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut