annonse

I dag vert det markering for Johan Sverdrup

FERDIG
FERDIG: Bustadplattforma til Johan Sverdrup skal snart reisa til felt. Her frå då Equinor viste fram plattforma for litt sidan. Equinor sin konserndirektør Anders Opedal i midten. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Utstyrs- og bustadplattforma er no klar for transport til felt.

Ingvild Siglen Berger

Plattforma er levert av eit samarbeidsprosjekt mellom Kværner og KBR, og den er levert på tid og budsjett. Det skriv Kværner i ei pressemelding.

I dag markerer Kværner, KBR, Equinor og dei andre lisenspartnarane at plattforma er klar for avreise. Dette skal gjerast med ei symbolsk fjerning av plattforma sine fortøyningstrosser.

Litt forseinka

Mellom dei som skal vera til stades på markeringa er olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, Arne-Sigve Nylund, konserndirektør for norsk sokkel Equinor, konsernsjef i Kværner Karl-Petter Løken, Jan Egil Brændeland i KBR og Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

Ein av dei næraste dagane skal plattforma tauast ut av tørrdokken den står i på Kværner, og så skal den transporterast til Johan Sverdrup-feltet av tungløftefartøyet Pioneering Spirit. Ifølgje Kværner-kommunikasjonssjef Odd Naustdal er tungløftefartøyet framme i Digernessundet i helga, litt forseinka på grunn av vêret.

Les også: Open dag på Sverdrup trekte tusenvis til verftet

2000 involverte

Plattformdekket til utstyrs- og bustadplattforma var ferdig bygd i oktober 2018. Gjennom vinteren har alle system vorte grundig testa og klargjort for avreise. Plattforma vart formelt overlevert til Equinor 15. februar klokka 12.00, nøyaktig som avtalt då kontrakten vart signert for tre og eit halvt år sidan.

– Kontrakten vart signert 8. juni 2015, midt i oljenedturen. Me gjekk inn i prosjektet med ambisiøse målsetningar både på tryggleik, produktivitet og kostnadsforbetringar. Eg er stolt av å kunna slå fast at me i eit nært samarbeid mellom Equinor, KBR og Kværner har nådd prosjektmålsetningane, seier konsernsjefen i Kværner.

Ved signering hadde kontrakten ein verdi for Kværner på 6,7 milliardar kroner, og på topp var rundt 2000 personar involvert i prosjektet.

Konsert i morgon

Laurdag skal det elles vera stor gratiskonsert på Kværner i anledning transporten av plattforma.

Postgirobygget og gitaristen Bjørn Berge er annonsert, i tillegg kjem ein hemmeleg artist.

Denne konserten er ifølgje Haugesunds Avis flytta innomhus grunna vêret.

Les også: Viste fram pengemaskinen på Kværner Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut